top of page
hyllestad.info logo.png
Hyllestad legekontor bilde.JPEG

Hyllestad legekontor flytta inn i «den nye» delen av kommunehuset 1986. Før dette var det legekontor i den gamle «doktorbustaden» i Svartedalen på Hyllestad. 

 

I dag er det seks tilsette ved legekontoret, tre legar, to sjukepleiarar og ein helsesekretær.

Arbeidskvardagen ved legekontoret varierer mykje. Kvar dag har ein eit visst tal planlagde legetimar. Då er pasienten først hjå lege for samtale og klinisk undersøking og blir så gjerne sendt vidare til helsesekretær eller sjukepleiar for evt blodprøvetaking, EKG, spirometri, osv. I løpet av ein arbeidsdag har ein avsett ein del ØH-timar (øyeblikkeleg hjelp). Dette er for å kunne ta inn personar som er akutt sjuke eller har skada seg.

Lege har vakt i kommunen på dagtid, det vil seie at ein er utstyrt med nødnettradio og rykker ut ved akutte situasjonar.

I desse tilfella må ein prioritere hjelp ut frå hastegrad, difor er det slik at ein som pasient kan måtte vente eller få utsett timen sin på kort varsel. Lege er ein dag i veka på Eiklund som tilsynslege og ein dag i veka på helsestasjon som helsestasjonslege. Arbeid på legekontoret omfattar i tillegg miljøretta helsevern, smittervern, oppfølgingsmøter, administrasjon og koordinering i eit triveleg arbeidsmiljø med varierte og spanande oppgåver. 

Hyllestad legekontor er ein del av SYS-IKL som er ei interkommunal  legevaktordning. Kommunen må bidra med sin del av vaktene der på kveld, helg og natt.

Dei tilsette er opptekne av at pasientane skal føle seg trygge når dei er innom kontoret. Under Covid-19 pandemien har ein spesielt fokus på gode hygienetiltak for å ivareta godt smittevern. Alle pasientar som tek kontakt vert spurde om symptom på luftvegsinfeksjon, som eit førebyggjande tiltak. 

Gjennom hausten 2020 opplevde Hyllestad to store smitteutbrot. Til saman har ein hatt over 130 personar med påvist Covid-19 i kommunen. Såleis har koronapandemien vore krevjande for eit lite legekontor. 

Under det største smitteutbrotet utførde ein massetesting av befolkninga med god hjelp frå resten av helse utanfor legekontoret. I desse situasjonane såg ein fordelane med å vere eit lite samfunn der alle kjenner alle. Smitteutbrota førde til mykje ekstra arbeid, og fastlegane sin kapasitet til vanlege pasientkonsultasjonar vart dessverre svekka i lengre periodar i etterkant. 

 

Dei tilsette i legetenesta er opptekne av å utøve trygg og god helsehjelp til innbyggjarane i kommunen. Med tett samarbeid med omsorgstenesta er dei no godt i gang med koronavaksinasjon for personar over 85 år. Dei kryssar fingrane for at kommunen snart vil motta eit større kvantum av vaksiner – slik at ein kan få vaksinert fleire.

Når du treng legehjelp – kven skal du ringe?

Fastlegen din: 577 89 520 i opningstida

Legevakt:  116117

113:  Når det er akutt og står om liv.

 

hyllestad.kommune.no/legetenesta

F.v: Britt Ellen Nissestad, Roald Johnsen, Moussa El Haddad, Torunn Tonning og Julie Einen.

bottom of page