top of page
hyllestad.info logo.png
Leirvik Utleigebygg AS

Erna og Roar overtok Leirvik Utleiebygg AS i 2014. Det var ein naturleg overtaking då dei tidligare eigarane frå Rysjedal Holding ville gje seg og ynskte at noken lokale folk med interesse for bygget skulle overta. Erna og Roar leigde 30-35% av areala og då dei fekk tilbodet om å overta heile bygget slo dei til. Men bygget bar preg av at det hadde eksistert sidan 1986 og dei såg at det var mykje å gjere. Dei har skifta heile ventilasjonsanlegget, taket og er snart ferdig med å pusse opp fasaden. I tillegg til at dei begge har full jobb i kvar si bedrift, har det vore mykje arbeid å ta over bygget. Men dei er begge einige om at det har vore verdt det.

I tillegg til å oppgradere bygget gjorde dei klart lokale til utleige av leiligheit til Fjord1 sine tilsette. Dei har også utleige av hybel. Det har vore mange endringar i bygget og no er andre etasjen meir eller mindre eit næringslokale. Her finn eit Havbruksmiljø beståande av BKK Enotek, Akvahub, Bulandet Miljøfisk, Arez og Akvavet. Eit miljø som er i vekst og Erna og Roar må no sjå på nye løysingar slik at dei kan få meir plass. I første etasje finn vi Bunnpris, Reiduns Blomster og Gåver, Ernas Frisørstove, Fotterapeut Eli Gro Fedje og Accountor Hope Rekneskap.

Om det er nokon som har behov for kontorareal/driftsareal, må dei berre kontakte Leirvik Utleigebygg. Erna og Roar vil alltid prøve å legge til rette slik at lokalet blir mest mogleg skreddarsydd. Jo fleire ein er saman, dess betre. Dei tykkjer det er kjekt å vere samlokalisert i eit større miljø, og det trur dei bedriftene i bygget og er einige om.

leirvik-utleige.jpg

Kontakt:

Roar Einen

E-post: roareine@online.no
Tlf: 97178890

bottom of page