hyllestad.info logo.png
Lekva Gard

Hans Lekva, oldefaren til Bjarne Andre, kjøpte garden på Lekva tidleg på 1900-tallet. Etter det har den vore i familien, og i 2018 overtok oldebarnet Bjarne Andre og kona Hilde Skjerping Lekva garden, og har drifta den sidan.

Driftsbygningen som er der i dag er den same som då oldefaren kjøpte garden. Bestefaren til Bjarne Andre bygde om fjøsen på 60-talet, og sidan har det stadig vorte utbetringar og nye bygg på garden. No jobbar dei med å bygge garasje til traktoren og potetkjellar som dei skal ha ferdig til vinteren. Far til Bjarne Andre, Svein Rune, hjelper dei framleis mykje på garden. Både når det gjeld bygging og restaurering, men og slåing av gras og å sjå til at dyra ikkje stikker av frå beite. Ei hjelp dei er uendeleg takksame for.

På garden har dei i dag ammekyr, kalvar og kviger. Til saman 13 kyr. I tillegg har dei sauer og ein lama. Dei har silo og tørrhøy, og dei haustar alt fôret sjølv. Ammekyr har dei for å få kalv som dei fôrar opp og sel vidare for slakting. Sau brukar dei til «beitepussing» og i fjor bygde dei ny sauefjøs som har plass til ti vaksne sauer.

Lama derimot er ei annan historie. For nokre år sidan kjøpte Bjarne, i lag med foreldra sine, lama på impuls. Han hadde ikkje noke kunnskap om lama den gang, men synast dei var nokre artige skapningar. På det meste har dei hatt ti lama. Lama kan og brukast til gjeting av sau og geit der lamaen tek kommando over saueflokken og blir akseptert som leiar av flokken. Det er med andre ord eit fascinerande og nyttig dyr. Ein kan jo spekulere i om dette er grunnen til at det ikkje er observert ulv i Lifjorden?


I tillegg kan ein lage veldig god spekepølse av dei. Men slakting av lama er noko dei må gjere på eigenhand og det var ikkje heilt lett den fyrste gongen dei måtte gjere det. Det er ein liten gard og dei skaper nære band til dyra sine, som forøvrig alle er tamme. Dottera deira, Sina, får alltid vere med å ta farvel når dyra vert henta for slakting.

Men på garden har dei ikkje berre dyr. Dei har og eit drivhus der dei dyrker sine eigne grønsaker. I tillegg har dei bær og mykje jordskokk. So mykje at dei no held på å bygge seg potetkjellar. Ellers lagar dei flatbrød og spekepølse av lama, sau og sjølvskoten hjort. Dette servarar dei til sitt heimebrygga øl. Men førebels er dette kun til eige bruk.

 

Ved sida av gardsdrift driv Lekva Gard med utleige. Dei har eit hus på tomta som dei leiger ut til turistar frå tidleg vår til sein haust. Dette har dei gjort sidan dei overtok garden og dei har allereie mange faste gjestar. Det er stort sett tyskarar som kjem. Dei går tur i fjella, får låne båt til fiske og nyter freden og utsikta dei får på Lekva Gard. Det er tydeleg at dei trivast og Bjarne Andre og Hilde har til no berre positive opplevingar med å leige ut.

 

Bjarne Andre og Hilde ynskjer å drive garden vidare slik dei gjer no. Men då dei begge har full jobb utanom er dei avhenging av å få ting gjort mest mogleg effektivt. I fjor gjekk dei til anskaffing av ein fôrkuttar, noke som hjalp dei veldig med tanke på tid. No vurderar dei å byrje med ein annan kurase; Fjordfe eller raud kolle. Eit robust fjordfe som er veldig tilpasningsdyktig og egnar seg godt til bratte terreng. Framtida vil vise kva dei gjer, men gardsdrift er heilt klart noko dei ynskjer å fortsetje med.