top of page
hyllestad.info logo.png

LHL, Landsforeininga for hjarte- og lungesjuke, er ein medlemsbasert og ideell helseorganisasjon med nærare 54 000 medlemmar og 250 lokallag. Dei tilbyr behandling og helsetenester med utgangspunkt i pasienten sitt medisinske og menneskelege behov.

 

Som medlem støttar du LHL sitt viktige arbeid for landets hjarte- og lungesjuke, slagramma og deira pårørande. I tillegg får du mange gode tilbod og medlemsfordelar året rundt.

 

LHL Hyllestad vart skipa 13. oktober i 1998. Dei tilbyr treningsgrupper, kurs, møter og turar. Dei har og vore aktive i mange aksjonar slik som til dømes «god responstid» der dei jobba aktivt for å forbetre responstida i Hyllestad.

Saman med Røde Kors har dei lært opp elevar ved Hyllestad skule i hjarte- og lungeredning. Dei har og hatt slike kurs for innbyggjarane i kommunen og tykkjer det er viktig at folk held seg oppdatert på dette. Plutseleg kan ulukka vere ute og det er nokon som treng hjarte- og lungeredning, då er det lurt at du har heldt den kunnskapen vedlike.

 

I LHL Hyllestad er det i dag 60 medlemmar. Kontaktperson, Ragnfrid Aasen Hatlem, har vore med heilt sidan starten i 1989. Ho har sjølv fått mykje hjelp frå LHL sentralt.

Som medlem og frivillig arbeidar i lokallaget, ynskjer ho å kunne tilby eit godt og variert tilbod til hjarte- og lungesjuke, slagramma, personar med astma og allergi og alle pårørande.

LHL 1.jpg

LHL Hyllestad driftast av frivillige, og dei vil gjerne ha fleire med seg på laget. Aktivitetane deira er opne for alle - uavhengig av helsesituasjon og medlemskap i LHL. 

Kontaktperson LHL.JPG

Kontakt:

Ragnfrid Åsen Hatlem

Tlf: 976 16 945

  • Facebook
logo_lhl.png
bottom of page