Bjarne Andre Lekva bestemte seg i 2015 for å starte sitt eige enkeltmannsføretak. Han er utdanna anleggs- og landbruksmekanikar og på den tida jobba han med å reparere maskiner. Han ville vere den som tok avgjersla og gjere ting på sin måte, og då var det naturleg å starte for seg sjølv. Han starta først kun med servicebil og leige seinare verkstadslokale på Sørbøvåg og det tok ikkje lang tid før han hadde hendene fulle med arbeid. Brede Lien hadde utplassering ein dag i veka hos Bjarne Andre, og fekk tilbod om ein fire års lærlingplass som han starta på i 2019.
Men det var ikkje berre det som skjedde i 2019. Barndomsvenn, Stian Hatlem, ville og skape noko sjølv, og det var naturleg å starte samen med Bjarne Andre. Med Bjarne Andre sine fagbrev som anleggs- og landbruksmekanikar og Stian sitt fagbrev som motormekanikar, var dei ein «god match». I juli 2019 oppretta dei selskapet LH Mek AS. Dei vart fort einig om namnet; «L» for Lekva, «H» for Hatlem og «Mek» for mekanisk.
LH Mek driv hovudsakleg med reparasjon av anleggsmaskiner, landbruksmaskiner og hydraulikk. Men reparerar det meste av utstyr både på land og til vanns. Dei er og forhandlar av Lekang Filter og Profex. Her kan dei skaffe olje, filter og slangar til det meste av maskiner. Samstundes har dei stort nettverk hjå deleleverandørar landet over, og skaffar det meste av slitedelar til alt av maskiner og utstyr.
Det som er unikt med LH Mek, og som skil dei ut frå sine konkurrentar, er at dei utførar teneste og reparasjonar der du er. Dei er altså ein mekanisk verkstad på hjul som køyrer til kunden der behovet er. Dei fleste kundane er entreprenørar, frå oppdrettsnæringa eller bønder, men det blir stadig fleire private som tek kontakt.
LH Mek er kjent for sin gode service og driftsikkerheit. For kunden er det svært kritisk om ting ikkje fungerer slik dei skal. LH Mek tar utfordringar på strak arm og gir seg ikkje før dei finn utav problemet.
Dette er nok ein av grunnane til at dei har så mange faste kundar. Dei får oppdrag frå heile «gamle» Sogn og Fjordane fylke og har ein veldig varierande arbeidsdag. Enkelte gangar kan det verte mykje køyring for det som viser seg å være ein liten jobb. Ein gong hadde dei eit oppdrag der dei køyrde 10 timar t/r for ein jobb som tok ein halv time. Marknadsføringa deira er til no ikkje prioritert og kundemassen har dei fått gjennom jungeltelegrafen. Noko som må bety at folk er nøgde med jobben som blir gjort.

Til no har firmaet to servicebilar, slangepresser, eit utvalg sveiseapparat, røyrbøyer, fres og dreiebenk. Dei investerer mykje i lager og har eit stort hydraulikklagar på Sørbøvåg, kanskje det største i ytre Sogn. Dei planlegg veka saman på måndag, og når dagen er over har dei vanlegvis full veke og meir enn det. Men det er vanskeleg å planlegge i ein slik jobb, for det dukkar stadig opp småjobbar. Nokre gangar er dei på same oppdrag alle mann, men som oftast overlappar dei kvarandre slik at dei får tid til meir.
LH Mek ser lyst på framtida. Dei satsar på å tilsette Brede fast etter læringstida, og dei er heller ikkje framand for å tilsette fleire før den tid om den rette dukkar opp.
Dei har ein stadig aukande arbeidsmengde, og dei ser at dei treng å utvide lageret. Dei har og eit mål om å starte butikk. Dei ønskjer å vokse og å utvide. Men for å bli større må dei og bli synleg. Dei vil difor prøve å satse meir på marknadsføring, spesielt sidan dei skal satse på butikk i tillegg til verkstad og service.
