Liv Hilde.jpeg
hyllestad.info logo.png

Liv Hilde

Liv Hilde Robinson (f.1960) jobbar som sjukepleiar på Hyllestad omsorgssenter Eiklund. Ho bur på Hyllestad i eit flott hus med utsikt over Hyllestadfjorden og Lihesten.

 

Ho hadde ein god og trygg barndom på Nes (Løland), før ho som 16 åring måtte flytte til Førde for vidare utdanning. Etter fullført sjukepleiarutdanning flytta ho til Oslo, der ho jobba på Rikshospitalet.

 

Då ho og Mark (Bob) planla å stifte familie, flytta dei tilbake til Hyllestad. Dette var eit bevist val då dei ønskte å gje borna dei same verdiane som Liv Hilde hadde fått i sin oppvekst. Dei leigde fyrst leiligheit i Leirvik, før dei kjøpte huset på Hyllestad. Dette beskriv ho som eit oppussingsprosjekt. Og sidan dei ville gjere alt sjølv, rom for rom, vart det eit tidkrevjande prosjekt.

 

Etter dei flytta heim att i 1998/90, har Liv Hilde jobba i omsorgstenestene som sjukepleiar og mange år som leiar. Ho har hatt nokon korte avbrekk, t.d har ho jobba i Bergen i to periodar, men ho kjem alltid heim att. Ho meinar det er lurt å løfte blikket av og til, og gjere nye ting. Ein får ny lærdom og nye impulsar, som ein kan ta med seg vidare.

Då Liv Hilde starta att på Eiklund, i juni 2021, hadde ho vore i Bergen i 3 år. Ho har heile tida hatt tett kontakt med slekt og vener. På den måten har ho fått med seg det som skjer i kommunen. Mellom anna tykkjer ho Hyllestad.info er ein fin måte å spre informasjon på. Der kunne ho lese om kva som skjedde i heimkommunen, både om folk, aktiviteter og næringsliv.

Noko av det ho tykkjer som er fint med å bu i Hyllestad er at folk bryr seg om kvarandre. Ein føler seg velkommen når ein kjem hit. Dei som bur her er flinke til å skape ting saman, både på jobb og fritid. Det kjem stadig nye bedrifter, og dette er absolutt kompetansearbeidsplassar. Kort avstand til kommuneadministrasjon og tenester, er og noko ho tykkjer er veldig bra. Og ho meiner at kvaliteten på tenestene er minst like bra som i ein by.

 

På spørsmål om ho saknar bylivet, svarer ho at det meste ein gjer i ein by kan ein gjere her og. Dessutan er Hyllestad sentralt plassert mellom Bergen og Førde. Dersom ein vil ha seg ein bytur, er vegen kort, seier ho. 

 

På fritida likar ho å gå tur, lese og vere sosial. Til slutt vil ho få framheve alle eldsjelene som bur i denne kommunen. Uten dei ville her ikkje vore noko. Det ligg mange dugnadstimar bak eit velfungerande samfunn. Dei fleste av desse har budd her heile tida, og blir att når vi andre kjem og går. 

 

«Det er viktig med innflyttarar, men ein må også hugse å sette pris på dei som alltid har vore her».