top of page
hyllestad.info logo.png

Mal Dickson kjem frå Skottland, og har heilt sidan barndomen hatt interesse for fotografi. 

I vaksen alder budde og jobba han i London, men kjente at han var lei den hektiske kvardagen og ville kome seg vekk frå byen. Valet falt då på Noreg, nærare bestemt Aurland. I Aurland jobba han som guide for turistar og starta samstundes «Aurland Photography»  som  m.a. har ein instagramkonto med nærare 13000 følgjarar frå heile verda. Då Mal budde i Aurland vart han leigd inn av fleire bedrifter i kommunen for å auke kjennskapen til Aurland som turiststad. Han har og selt bileter til VisitNorway og FjordNorway. I 2018 flytta Mal til Hyllestad. Mal elskar å fotografere den vakre naturen som er i og rundt heimstaden.

Mal jobbar heile tida med å gjere bileta sine meir kjend slik at det kan auke interessa for Hyllestad og vestlandet som besøksstad. Han tilbyr og andre med interesse for foto guida turar med opplæring i å ta gode landskapsbilete. 

Både bedrifter og privatpersonar kan ta kontakt for å booke oppdrag, t.d.:

  • Bryllaup

  • Portrett

  • Konfirmasjon

  • Jubileum

Fototenester kan og gjelde oppdrag i samband med: 

  • Næring

  • Produktfoto

  • Sosiale medium

  • Kurs/opplæring

  • Dronefoto/film


Han håpar at fleire lokale nyttar seg av han når dei har behov for fotograf og hans største ambisjon og draum er å kunne leve som fotograf på fulltid i tillegg til arbeidet han har med Fjordavind.

MalDickson_Hyllestad.jpg
Mal.jpg
  • Facebook
  • Instagram - svarte sirkelen

Nesvegen 58, 6957 Hyllestad

Tlf: 939 42 454

E-post: mal@maldickson.com

www.maldickson.no

bottom of page