hyllestad.info logo.png

Marie & Robert

Marie B. Sjølingstad (32) og Robert Borlaug (39) møtte kvarandre då dei begge jobba hjå Havyard Ship Technology i Leirvik. Dei har kjøpt seg hus i Myklebustfeltet på Hyllestad og bur der saman med borna sine Rosa Marie på 5 år, Tomine 3 år og Sonja 1 år. 

Marie er oppvaksen i Hyllestad og etter grunnskule her, gjekk turen vidare til Dale og Bergen der ho utdanna seg til rekneskapsførar. Etter å ha jobba i 5 år hjå Havyard S.T. byrja ho hjå Accountor Hafs Rekneskap og har no delt kontorplass med nokre dagar i Dale og nokre i Leirvik.

Robert er oppvaksen på Leikanger og gjekk på skule i Sogndal og Årdal før han starta som lærling hjå Kverner Kleven i 1999. Han jobbar no som planleggar hjå New Havyard Ship Technology.  

Dei var ei tid usikre på om dei skulle slå seg ned på Leikanger eller i Hyllestad og det var mellom anna spennande jobbar som gjorde at Hyllestad trakk det lengste strået.

                 

I tillegg til jobb trekk dei fram at det er trygt for borna å vekse opp her. Rosa Marie seier at det kjekkaste med å bu i Hyllestad er «å sykle på bana, leike i Kvernsteinsparken og å vere i klatreparken!» Nærleik til naturen, nydelege omgjevnadar og eit rikt fritidstilbod er ting Marie og Robert set stor pris på. Hyllestadhallen med alle moglegheitane den gjev for ulik aktivitet, mellom anna «Open hall» der borna vert kjende med kvarandre på ein uformell måte samstundes som dei vert trygge på å bruke hallen.  

   

Som småbarnsforeldre går mesteparten av fritida til Robert og Marie med til å fylgje opp Rosa Marie, Tomine og Sonja. Dei likar godt å sykle og brukar områda rundt Kvernsteinsparken, Svartedalen,  fotballbana og badefjæra flittig. Turar til dagsturhytta og Rossvikheia prøver dei og å få tid til.

          

"Her var da kjempeflott utsikt!"

sitat Rosa Marie 5 år, på tur til Kolgrovheia.    

Hyllestad.info er utvikla av Hyllestad kommune | Send epost  | Ring 57 78 95 00

  • Facebook - Hvit Circle
  • Instagram - Hvit Circle

Følg, lik og del!  #hyllestadinfo