hyllestad.info logo.png

Martha & Rune

Etter mange år i Bergen bestemde Martha og Rune seg for å flytte heim til Hyllestad, der Martha er oppvaksen. Foreldra til Martha dreiv butikk på Hyllestad, men innsåg at om dei skulle fortsette måtte dei flytte butikken til Myklebust eller «Hyllestad sentrum». Men for å gjennomføre dette måtte dei vere sikre på at nokon ville ta over når dei sjølve ikkje lenger kunne drifte den. Rune jobba i desse dagar i Nestle i Bergen og hadde allereie tilknyting til daglegvarebransjen. Han tykte ideen til svigerforeldra sine var interessant og ville vere med å hjelpe dei med å få dette til. Martha og Runa flytta dermed heim og bygde seg hus i 1975. Allereie i 1977 var den nye butikken i Hyllestad på plass og dei er sikre på at dette var ein pådrivar til at fleire positive ting skjedde i kommunen på desse tider.

Martha og Rune dreiv butikken heilt fram til 1999, men Rune måtte gje seg grunna helsemessige utfordringar. Martha fortsette å jobbe i butikken som butikkmedarbeidar fram til januar 2019. No er dei begge pensjonistar og stortrivast i Hyllestad. Sjølv om ein ikkje har alt tilgjengeleg her, er det kort veg til det meste. Dei reiser ofte på konsertar i Bergen og tek seg gjerne ein dagstur til Førde. 

Dei meiner at det er mange flotte aktivitetar i kommunen, og ein må vere flink å nytte desse. Borna i Hyllestad er utruleg heldige med alle fritidsaktivitetane som finnast for dei, her kan dei verkeleg velge og vrake. Dei er begge veldig begeistra for Hyllestadhallen og Martha brukar den kvar veke når ho trenar med «Friskis og Svettis» og «Aktiv på dagtid».

Martha og Rune har tre born og når dei var små var dei alle aktive i korpset. Dugnadsarbeid var ein stor del av korpskvardagen. 

Denne tida var veldig gjevande og dei hadde ei kjekk tid saman med dei andre familiane som var involvert i dette arbeidet. Klart det var mykje arbeid med å få det til, men det var samstundes ei særs verdifull tid saman med borna. Dugnadsarbeid er avgjerande for å få ting til og dei oppmodar alle i kommunen til å vere stolte av alt som finnast her av tilbod, og bidra til å ta vare på det vi har.

I tillegg til trening i hallen går Martha mykje tur. Anten det er fjellturar eller turar i skogen, går ho ofte aleine då ho finn at ho får kopla av og tenkt mykje. Rune har alltid vore lidenskapeleg oppteken av hest og har i fleire år jobba aktivt med avl og oppdrett av løpshestar. No har han måtte gje seg med avl, men har to hestar som han trenar profesjonelt kvar dag. Dei krev mykje stell og arbeid, men dette er ein livsstil som han ikkje ville vore forutan. Sjølv om Rune er frå Os ved Bergen, tykkjer han Hyllestad er den beste plassen å bu i verda. I Bergen budde dei flott med bra beliggenheit, men han følte seg aldri fri slik han gjer i Hyllestad.

 

«Det er ein fantastisk følelse å bu her med sjø, fjell og mykje boltreplass»

Hyllestad.info er utvikla av Hyllestad kommune | Send epost  | Ring 57 78 95 00

  • Facebook - Hvit Circle
  • Instagram - Hvit Circle

Følg, lik og del!  #hyllestadinfo