hyllestad.info logo.png

Merete Iversen

Merete Iversen kjem opprinneleg frå Bergen. Gjennom oppveksten ferierte ho ofte i Hyllestad der besteforeldra hadde feriebustad. Denne brukte ho heilt fram til 2017 da ho bestemte seg for å bu der permanent. Ho har sterk tilknytning til bygda og tykkjer det er herleg å vere vekke frå byens kjas og mas. Men samstundes vil ho påpeike at det er ikkje lange turen om ein skulle sakne livet i byen. Ho tek seg gjerne ein dagstur til Bergen for å besøke familie og vener.

Å bu i Hyllestad er befriande. Det er herleg å gå på butikken utan mykje folk, kø og stress. Og folka som bur her er veldig hyggjelege og imøtekomande. Ho seier at sjølv om det er få folk, så er det faktisk meir sosialt i Hyllestad enn i Bergen. Kvart menneske betyr meir, kvart lys ein ser i husa betyr håp og moglegheiter. Folk betyr mykje for bygda og her vert ein sett pris på.

 

På fritida går Merete i fjella eller boltrar seg i hagen der ho har ein stor lidenskap for alt som veks og gror. Og det er alltid ein hund eller katt rundt beina som vil leike. Kveldar og helger nyttast til sosiale lag med gode vener.

 

Det er ikkje noko som er betre enn å vakna til fuglekvitter eller den fjerne lyden av ein båt på veg ut i havet, trekke inn den friske lufta og kjenne på friheita. Merete seier ho bur i ein ferie og har ikkje angra eit sekund på at ho flytta hit!

"Eg bur i ein ferie og har ikkje angra eit sekund på at eg flytta hit!"

Hyllestad.info er utvikla av Hyllestad kommune | Send epost  | Ring 57 78 95 00

  • Facebook - Hvit Circle
  • Instagram - Hvit Circle

Følg, lik og del!  #hyllestadinfo