hyllestad.info logo.png

Mette & Colin

Mette Nybø Tattersall (33) og Colin Tattersall (45) bur på Løland i Hyllestad. Her bur dei på eit småbruk saman med borna Mia (3 år) og Odin (1 år).

Mette er opprinnleg frå Lavik men har hatt Hyllestad som base lenge. Ho har studert i Bergen og er utdanna sjukepleiar. For nokre år sidan fekk ho draumejobben på Hauglandssenteret, og har i dag sitt daglege virke der.

Colin er utdanna bygningsingeniør og er fødd og oppvaksen England. Der vaks han opp i relativt landlege omgjevnadar. Som born såg han reisebrosjyrar frå Norge med bilder av høge fjell og djupe fjordar. Ein motorsykkeltur frå London til Nordkapp (der han fekk kjenne på alle årstidene - opptil fleire gonger) gjorde inntrykk, og inspirerte han til å lære seg norsk på eiga hand. Colin har reist mykje, og budd og jobba mange stadar. Mellom anna i Australia og Irland. På eit tidspunkt hamna han i Norge, fyrst i Indre Sogn, før han kjøpte seg gard på Løland. 

Colin har mange jarn i elden. Han har sitt eige selskap, Tattersall Engineering Norge, jobbar med skog, er ingeniør og underviser litt innan fornybar energi i Sogndal, i tillegg til gardsarbeid.

Det er no 8 år sidan Mette og Colin traff kvarandre for fyrste gong. Det var faktisk på gardstunet på Løland, der dei skulle sanke høy. Dei vart eit par i 2015, og gifta seg på olsok for 4 år sidan. 

Då Colin kjøpte garden hadde den vore ute av drift i fleire år, og det var naturlegvis behov for oppgradering og restaurering av både driftsbygning, utstyr og hus. Garden har våre drive på økologisk vis sidan overtakinga, og både han og Mette trivest med å drive økologisk med naturen i fokus.

 

På garden har dei sau, geit og bier. Tidlegare hadde dei mykje forskjellig, til dømes høns, ender, gjess, gris og hest.

Dei meiner Hyllestad har mykje variert å tilby. Kjekke folk, vakker natur som byr på kontrast mellom kyst, fjord og fjell, varierande klima og det er ikkje langt til næraste by. Sjølv om det til tider kan vere i overkant med nedbør, minnast Colin då han var i Australia og opplevde mange månadar utan regn. Då var det liksom noko som mangla, og ironisk nok er det nedbør som betalar rekningar no!

Mette har leika med tanken om at dei kanskje kunne budd i England i ein periode, men det har ikkje Colin særleg lyst til. Avstand er eit heilt anna begrep der enn i Hyllestad, og ein vert glad i det ein har. Dei ser føre seg at det vert ein del køyring og transport av born etter kvart som dei veks til og vil delta på ulike fritidsaktivitetar, men dette er dei forberedt på.

Colin er av typen som må ha noko å gjere heile tida og likar å lære seg nye ting. Han har mellom anna laga ei seng til Mia med materiale frå eigen gard. Det at han har mogelegheit til å gjere slike ting, verdset han særs høgt. Både Mette og Colin er glade i musikk. Mette spelar litt piano og orgel medan Colin spelar trombone.   

 

Elles syslar Mette med hagearbeid, er aktiv i Lavik Røde Kors og likar turar på fjellet og i skog og mark. Det siste gjerne saman med familien. Colin har vore med på ulike dugnadsprosjekt, men har no mest fokus på garden og familie. Det er mange i kommunen som har lagt ned stor dugnadsinnsats innan kultur og idrett. Noko som mellom anna viser seg i Kvernsteinsparken og vår nye idrettshall.

 

Colin og Mette tykkjer det er kjekt å sjå utviklinga i Hyllestad, på mange kantar. Dei tykkjer det er kjekt å sjå at folk får ting til i ei utvikling som blomstrar!

 

Til slutt vil dei skryte av Hyllestad barnehage;  «Den er heilt fantastisk. Veldig flinke folk som jobbar der. Alt det dei gjer saman med borna og alle aktivitetane dei finn på, er heilt strålande!»