hyllestad.info logo.png

SOLRIKT

OMRÅDE

FANTASTISK

UTSIKT

FLOTTE

TUROMRÅDER

BARNEVENLEG

OMRÅDE

Last ned planføresegner

for Myklebust

MYKEBUSTFELTET

Bu sentrumsnært og luftig, med kort veg til butikk, skule, barnehage og idrettsanlegg! 

 

Myklebustfeltet er eit regulert bustadfelt med totalt 39 bustadtomter. Av desse er 9 eigd av kommunen og ledige for sal. Det er tomt 5, 6, 8, 9, 10, 11, 12, 13 og 14.

 

Tomt 21, 22 og 23 er eigd av Hyllestad Bygg Invest AS, og er under planlegging. Ved interesse kan Hyllestad Bygg kontaktast.

Tomtestorleik på dei kommunale tomtene varierer frå ca. 800 – 1400 m2 og kostar 150.000,- + 20,- per m2.

Byggjefeltet er omringa av fin natur, og ligg i gåavstand til daglegvarebutikk, Hyllestadhallen, bensinstasjon, skule, barnehage og andre kommunale tenester.

Tomtene er svært attraktive, med ei unik utsikt utover Åfjorden og det majestetiske Lifjellet. Tomtene har gode solforhold og har veg, vatn og avløp til tomtegrensa. 

Skogen er næraste nabo, og her kan du følge turstien gjennom dei historiske kvernsteinbrota og vidare til dagsturhytta.

 

Bli med på ein uforpliktande visning saman med leiar Gaute Lundeland.

Her ser vi på tomtar, du kan stille spørsmål, og bli kjend med området.

Tlf: 577 89 529

gaute.lundeland@hyllestad.kommune.no

hyllestad.kommune.no

Ledige tomter
Ledige tomter

press to zoom
Myklebustfeltet
Myklebustfeltet

press to zoom
Ledige tomter
Ledige tomter

press to zoom
1/2