top of page
hyllestad.info logo.png

MYKLEBUSTFELTET

Bu sentrumsnært og luftig, med kort veg til butikk, skule, barnehage og idrettsanlegg! 

 

Myklebustfeltet er eit regulert bustadfelt med totalt 39 bustadtomter. Av desse er 9 eigd av kommunen og ledige for sal. Det er tomt 5, 6, 8, 9, 10, 11, 12, 13 og 14.

 

Tomt 21, 22 og 23 er eigd av Hyllestad Bygg Invest AS, og er under planlegging.

Ved interesse kan Hyllestad Bygg kontaktast på tlf 99013060 eller e-post harald@hyllestadbygg.no

Tomtestorleik på dei kommunale tomtene varierer frå ca. 800 – 1400 m2 og kostar 150.000,- + 20,- per m2.

Byggjefeltet er omringa av fin natur, og ligg i gåavstand til daglegvarebutikk, Hyllestadhallen, bensinstasjon, skule, barnehage og andre kommunale tenester.

Tomtene er svært attraktive, med ei unik utsikt utover Åfjorden og det majestetiske Lifjellet. Tomtene har gode solforhold og alle, utanom tomt 11-14, har veg, vatn og avløp til tomtegrensa.

Skogen er næraste nabo, og her kan du følge turstien gjennom dei historiske kvernsteinbrota og vidare til dagsturhytta.

 

Bli med på ein uforpliktande visning. Her ser vi på tomtar, du kan stille spørsmål, og bli kjend med området.

Kontaktinformasjon:

Gaute Lundeland

Avd. leiar, Plan og utvikling

Tlf: 577 89 529

gaute.lundeland@hyllestad.kommune.no

hyllestad.kommune.no

hyllestad-logo.png

FANTASTISK

UTSIKT

NÆR

SKULE/BARNEHAGE

NÆR

IDRETTSANLEGG

FLOTTE

TUROMRÅDER

BARNEVENLEG

OMRÅDE

SOLRIKT

OMRÅDE

bottom of page