
I tida før 1980-talet vart næringsarbeidet utført av ordførar og ved at det vart danna politiske plangrupper som arbeidde med prosjekt.
Frå tidleg 1980 vart det tilsett næringsmedarbeidar i HAFS-regionråd. På 90-talet vart det endringar i HAFS-regionråd sitt næringsengasjement, og det vart tilsett næringsmedarbeidarar i kvar av kommunane. Hyllestad kommune fekk sin første næringskonsulent i 1994. I tida 2009 – 2015 var utviklingsarbeidet knytt til Omstillingsprosjektet.
I 2014 var Hyllestad kommune med å etablere HAFS Utvikling AS. Eit dotterselskap av Lutelandet Utvikling AS. Hyllestad kommune skulle kjøpe næringstenester frå dette selskapet når omstillingsperioden var over i 2015.
Selskapet sitt føremål var å arbeide for å fremje vekst i næringslivet samt medverke til å sikre stabil og langsiktig folkevekst i HAFS-regionen gjennom næringsfremmande tiltak. Dette selskapet vart bestemt avvikla frå 2018.
Og dette vart starten for Laila Johannessen i eMal AS. Ho hadde nett avslutta eit utviklingsprosjekt i bedrifta si då ho blei spurd om å følgje opp næringsarbeidet i Hyllestad inntil dei hadde fått på plass ei ny organisering. Ho hadde tidlegare vore med i omstillingsstyret, ho hadde vore gründar sjølv og har både utdanning og erfaring innan utviklingsarbeid. Det ble bestemt at næringsarbeidet skulle lysast ut på anbod. eMal har vore tilbydar på utlysingane og har no kontrakt på arbeidet ut 2023.
Hyllestad kommune har eit sterkt samarbeid med Hyllestad Næringsråd, og det meste av arbeidet vi utfører er forankra i kommuneplanen sin samfunnsdel «Verdiskapingskapittelet». Basert på mål og strategi gjennomfører dei handlingar og aktivitetar på områder der Hyllestad er gode, der dei har vekstmoglegheiter og der dei bør styrke seg. Med å ha fokus på, og å få dei rette menneska med, finn ein eigarskap til løysingar og får gjort noko med det.
Fokusområda i 2021 – 2024 er å:
-
Utvikle Havbruk og tilhøyrande verdikjede
-
Utvikle Reiseliv
-
Dyrke, pleie og legge til rette for «levebrødsbedrifter» - dei som ikkje har ambisjonar om å vekse, men som er viktige etablerte lokale arbeidsplassar. (Butikkar, varehandel, byggefirma, helse-og velvære, landbruk, kunst/design osv.)
-
Utvikle buattraktivitet
-
Påverke og utvikle samferdsle/infrastruktur
-
Jobbe aktivt med samfunns- og næringsutviklingsprosjekt som støttar opp om strategiene
-
Vere ei god førstlinje for dei som vil etablere eller utvikle bedrift
På tvers av alle satsingane skal ein ha fokus på grøn næringsutvikling, innovative og inkluderande samfunn, og areal til næringsutvikling. Målet er heile tida å sikre verdiskaping, arbeidskraft og arbeidsplassar og vere litt i forkant på endringar dei ser vil komme.
Laila hjelper også å søke etter fondsmidlar når det gjeld nærings- og samfunnsutviklingsprosjekt.
Akkurat no er det fleire viktige utviklingsprosjekt som pågår i Hyllestad. Vi kan nemne; Hyllestad Omstilling og Vekst, Hyllestad.info, LivOGLyst Hyllestad Sentrum og LivOGLyst i Bøfjorden.
Laila har kontor på Åfjordalen i lokala til Åfordalen Utviklingsselskap. Om du har ein ide eller eit prosjekt du ønskjer hjelp til er det berre å ta kontakt.
Kontakinformasjon:
Næringskoordinator Laila Johannessen
Tlf: 95 22 48 46
E-post: laila@emal.no