hyllestad.info logo.png

Odd Harald

Odd Harald Gjerde (f. 1959) er fødd i Bergen og oppvaksen i Hyllestad. Han gjekk dei sju første åra på gamle Øen skule og dei to siste på Hyllestad skule. Etter det flytta han til Høyanger der han gjekk yrkesskulen.

 

Då han var ferdig med utdanninga si fekk han moglegheit til å søkje på to elektrojobbar. Han valde firmaet som den gong var kalla Sunnfjord Elektroinstallasjon, og fekk jobben. Odd Harald flytta til Førde, og vart verande der i 29 år.

 

Odd Harald seier at sjølv om han har budd mange år heimanfrå, so har han eigentleg aldri flytta. Han har alltid vore heimekjær og var ofte heime på besøk i helger og feriar. Hyllestad er tross alt den beste plassen i verda.

 

Bestemora til Odd Harald hadde budd i huset i Hyllestad sidan ho kom dit som tenestpike, og då han fekk vete at huset skulle seljast, var han ikkje i tvil om at han ville kjøpe det og flytte heim att. Det var viktig for Odd Harald at huset vert verande i familien.

 

Jobben i Førde fekk han behalde sjølv om han flytta, og ser du ein kvit Bravida-bil i Hyllestad kan du vere ganske sikker på at det er Odd Harald som er ute på jobb! No er han den som har jobba lengst samanhengande på avdelinga i Førde. Bedrifta har skifta namn tre gongar og Odd Harald har vore med på både opp- og nedturar, men har aldri tenkt tanken på å slutte.

I Hyllestad har han nok å gjere, men av og til må han på oppdrag så langt som til Aurland og Svelgen. Det blir fort mange timar bak rattet, men Odd Harald likar å kjøyre bil, så det er ikkje noko problem for han. Han har og nokre kundar i Førde som ber spesifikt om han når dei skal ha noko gjort, det tek han som ein tillitserklæring og stillar gladeleg opp. Han trivast utruleg godt i jobben sin og kan ikkje sjå føre seg eit anna yrke.

 

Odd Harald minnast barndomen i Hyllestad. Det er mykje som har forandra seg sidan den gong. Det har utvikla seg mykje med tanke på veg og kommunikasjon. Men folka er dei same. "Hyllestadingar" er kjekke og imøtekommande folk og Hyllestad er ein trygg og god plass å bu.

 

Odd Harald trur at åra i Førde har gjort han godt. Sjølv om ein tykkjer at Hyllestad er den beste plassen å bu, so har ein godt av å bu andre plassar og verte kjend med nye folk. Du får nytt syn på ting og det gjer deg meir bevisst på korleis andre har det.

Men det var alltid godt å komme heim. Hyllestad følast ope og ein blir lettare til sinns når ein kjem ut her.

Odd Harald har alltid likt å gå tur i fjella. Det gjorde han medan han budde i Førde, og fortsette med det når han flytta heim. Han går dagleg tur, enten i fjell eller mark, og tykkjer det er viktig å bevege på seg. No har han fått seg hund, Milo, og han har verkeleg gjort kvardagen rikare. 

Milo gjev mykje selskap og glede. På grunn av at han fortsatt berre er kvalp må Odd Harald begrense fjellturane litt, men dei går dagleg tur både morgon, ettermiddag og kveld. Etterkvart som han blir større, gler Odd Harald seg til å ta han med på alle dei flotte fjella vi har i Hyllestad.

 

Fritida til Odd Harald går for det meste til å ta seg av Milo, men han har og eit hus og ein enorm tomt som krev vedlikehald. Før i tida hadde dei gard med all slags dyr. Den tid er over, men bøen må slåast og skog må hoggast. Han høgg ved til seg sjølv og broren som bur i nabohuset. Nevøen som bur på Sande hentar og ved hjå Odd Harald.

 

Når Odd Harald overtok huset var mykje allereie tilgrodd. Han har brukt lang tid på å få det fint på nedsia av huset og er stolt over at han har fått fram gamlevegen att. Sjølve huset ser ut slik det alltid har gjort. Han måtte byte nokre vindauge og har pussa opp kjøkkenet, men elles er det få endringar. Milo har øydelagd nokre lister, men det er slikt ein må rekne med når ein får kvalp i hus.

 

Odd Harald har jobba heile livet sitt og ser ikkje føre seg pensjonistlivet endå. No har han nett fått ny arbeidsbil med leasing på fem år, så han må uansett halde ut so lenge. Det er ingen grunn til å gje seg, og så lenge helsa held vil han jobbe.

 

I fylgje Odd Harald er det venta mykje snø til vinteren, «det har vore lite rognebær i år, noko som betyr mykje snø». Førebels kan det sjå ut til at spådomen er sann!

"Hyllestadingar er kjekke og imøtekommande folk og Hyllestad er ein trygg og god plass å bu"

Hyllestad.info er utvikla av Hyllestad kommune | Send epost  | Ring 57 78 95 00

  • Facebook - Hvit Circle
  • Instagram - Hvit Circle

Følg, lik og del!  #hyllestadinfo