top of page
hyllestad.info logo.png

Øen Ungdomslag vart stifta i 1920, men endra namn til Øen Grendalag i 2000. Dei held til i grendahuset Vonheim på Sørbøvåg som vart reist  i 1933. Vonheim har i alle år vore veldig viktig for bygdefolket fordi det har vore ein naturleg møteplass og eit lokale å leige til store tilstelningar.

Grendalaget har i over 60 år vist spelefilmar i Vonheim. Dei siste 50 har Bygdekinoen hatt Vonheim på turnelista si med kino annakvar veke. Bygdekinoen har filmar for alle aldersgrupper og Øen Grendalag oppfordrar alle til å støtte denne slik at vi får behalde den i bygda! Dei har også hatt utekino i Kvernsteinsparken, noko som vart svært kjekt.

I tillegg til kinodrift, arrangerer dei mellom anna jonsokfeiring, quiz, julebord og basar. Vonheim kan leigast til møter, kurs, selskap eller andre tilstelningar. I tillegg  kan ein leige bord og stolar til eigne arrangement. Ynskjer du å leige, finn du kontaktinfo til husansvarleg lenger nede i artikkelen.

I hamneparken på Sørbøvåg finn du kommunen sin einaste godkjende badeplass, fotballbane, sandvolleyball, pingpong, mini-klatrepark, toalett og grillhytte. Øen grendalag driftar og disponerar dette området, og dei ynskjer å vere eit aktivt lag som skaper engasjement og gjer til at både Vonheim og Hamneparken vert gode samlingsplassar. 

I Vonheim har dei planar om oppgradering av kjøkken og å etablere internett-tilgang. Dei ynskjer og å utvikle badeområdet og leikeområdet, samt å ferdigstille grillhytta i Hamneparken. Her kjem det til å verte oppfordra til dugnad som dei håpar mange vil stille på!

Dei siste åra har det flytta nokre småbornsfamiliar til bygda og det vert bygd nye hus. I tillegg er det mykje næringsaktivitet i bygda så laget ser ei positiv utvikling. Dei ynskjer å styrke samhaldet i Sørbøvåg, og å vere inkluderande gjennom arrangement og sosiale aktivitetar for alle. Dei ynskjer og fleire medlemmar, så meld deg gjerne inn!

1266101_555752761147401_412364694_o.jpg

Om du ynskjer å melde deg inn, ta kontakt med leiar Karin Tonning Hatløy eller kasserar Camilla Avedal Ulvik. Ynskjer du å leige Vonheim, kontakt husansvarleg Irene Lien.

karin1.jpg

Karin Tonning Hatløy

Tlf: 909 85 389

karintonninghatloy@hotmail.no

Vipps: 128955

Kontonr: 3837.20.08021

vonheimorg.wordpress.com

20210512_114522.jpg
  • Facebook
bottom of page