hyllestad.info logo.png

Ole-Helge Solstad har over 35 års arbeidserfaring innan tømrarfaget. Han tok fagbrevet sitt hos Jo-Ry Bygg AS, og jobba der i mange år før han i 2004 blei med å starte Sogn Bygg. Der jobba han som dagleg leiar heilt fram til 2011. Som dagleg leiar vart det mykje kontor- og papirarbeid og mange seine kveldar. Ole-Helge trivast best ute i felten i utførande tømrararbeid og bestemte seg difor for å starte for seg sjølv. I 2014 blei bedrifta eit AS og Ole-helge hadde to tilsette, deriblant ein lærling.

I dag er det kun Ole-Helge som er fast tilsett i bedrifta, men han har knytt til seg gode samarbeidspartnarar innanfor alt frå arkitekttenester til røyr- og elektro, og kan difor vere totalleverandør av prosjekt.

Ole-Helge har sentral godkjenning og kan utføre alle typar oppdrag innan tømrarfaget, og har særleg kompetanse på bustadar i moderne stil. Han seier at etter 35 år med husbygging er det moro å samarbeide med arkitekt slik at ein må tenke ut løysingar undervegs i prosessen. Han tykkjer det er spesielt spanande når han kan få lov til å lage diverse interiør som mellom anna  garderober og trapper.  Då blir jobben litt annleis og ikkje berre ein «standard» monteringsjobb.

Ole-Helge likar at arbeidsdagen er variert, der han nokre dagar jobbar på oppdrag for andre firma, medan han andre dagar har eigne prosjekt. Han jobbar ofte i Bergen i samarbeid med arkitekt, men no har han avgrensa den type jobbing på grunn av korona. Elles tar han på seg oppdrag i heile Sogn og Fjordane og likar godt å ha direkte dialog med kunden. Han får stadig høyre frå kundane sine at dei føler at byggeprosessen går veldig greitt når han styrer prosjekta og at det blir lett for dei når dei har ein som er ansvarleg for oppfølging og koordinering med dei andre faga i byggeprosessen.  For Ole-Helge er dette veldig viktig. Han er einaste mann i bedrifta og er avhengig av at ting går saumlaust. Han har difor stort fokus på oppfølging av alle ledd.

I tillegg til å drive Ole-Helge Solstad AS, har Ole-Helge starta Åfjorden Eigedom saman med svogeren, Svein Tore Hatløy. Dei har mange spanande bustadprosjekt på Sørbøvåg.

Ole-Helge likar den positive utviklinga som skjer i Hyllestad, og håpar fleire ønskjer å busette seg her. Han ser at det er stort behov for tømrarar i regionen, det er færre av lokal ungdom som tek tømrarfaget, og han er difor opptatt av å få bygglinja tilbake til Dale. Han tek gjerne inn lærling om den rette dukkar opp, men det krev mykje når det kun er han som er i bedrifta, spesielt sidan han har ein del oppdrag som krev reise og opphald.

Ole-Helge kjem til å jobbe som tømrar til han ikkje orkar meir. Han har verkeleg funne draumejobben. Han likar å kunne skape noko og å sjå at kundane blir fornøgd. Men det er mange utfordringar og stort ansvar å bygge hus, noko mange ikkje tenkjer over. Sjølv med mykje ansvar og lange dagar, elskar han jobben sin. 

logo.png

Tlf: 952 00 793

E-post: ole-helge.solstad@enivest.net

solstadbygg.no

  • Facebook