O.M. Bjørnestad vart starta av Ole Mattisson Bjørnestad i 1908. Ole dreiv den gang med mellom anna med landhandel og gravering for gullsmed i Bergen i mange år. I ettertid bygde sonen eit bygg i Skifjorden som skulle vere ein internatskule. Men det vart butikk, verkstad og filial til Jarl Skofabrikk.
I 1964 starta Haldor Bjørnestad, Ottar Solås og Hans Waage opp Skico-Plast A/S. Og det vart det produsert plastbåtar som på det meste bygde fire båtar i døgnet, i tillegg til at dei produserte kjølekummar for meieri og anna. Skico-Plast A/S var forløparen til Solås Plast AS.
Etterkvart tok sonen Henry og seinare sonesonen, Haldor Bjørnestad, over drifta og bygget. Dei utvikla bedrifta til å bli lager og transport for Felleskjøpet (den gang Stormøllen kraftfôr). Her jobba også nevøen til Haldor, Håvard Bjørnestad, som lastebilsjåfør. Han var oppvaksen i Bergen, men hadde ei stor tilknyting til Skifjorden, der han ferierte kvar sommar.
I 1986 bestemte Håvard seg for å flytte til Bjørnestad. Håvard er her fortsatt og tok etterkvart over drifta til onkelen, så no er det han som er «Eftf.» i bedrifta.
O.M. Bjørnestad Eftf. er fortsatt ein distributør og eit lager for Felleskjøpet der dei hentar og køyrer ut varer til landbruket. I tillegg til dette tilbyr dei containerutleige. Håvard kan køyre alt frå trelast, grus og til bulkvarer. Det mange kanskje ikkje er klar over er at Håvard tilbyr liftutleige. Han har ein personlift som kan løfte 18 meter. I tillegg sel han dekk og er forhandlar av Mercury.

Håvard har ikkje lett for å seie nei og er difor mykje på jobb. Når ein driv med transporttenester blir det ikkje mykje "åtte til fire jobb", men meir ein livsstil. Men det er ein veldig variert jobb som Håvard ikkje ville vore forutan. Han har ikkje angra eit sekund på at han valde å flytte til Bjørnestad og overta generasjonsbedrifta. Det blir lite fritid, men når han først har fri har han fantastiske naboar, mykje liv og moro på kaien, tilgang til flott jaktterreng og ein friheit som kjennast heilt herleg. Og han far til to kjekke ungdommar som ofte er heime.