
Omsorgstenestene
Tlf: 577 89 600
E-post : postmottak@hyllestad.kommune.no
Leiar omsorgstenestene: Målfrid Sognnes
Tlf: 577 89 605
E-post: malfrid.sognnes@hyllestad.kommune.no
Eiklund sjukeheim
Åfjordvegen 903, 6958 Sørbøvåg
Eiklund sjukeheim blei bygd på Sørbøvåg i 1967. Det var endeleg bestemt at kommunen skulle få ein sjukeheim, men kvar den skulle vere greidde dei ikkje å bli einig om. Etter mykje bygdestrid om lokaliseringa vart det tunga på vekstskåla at ”Post-Johanna” – Johanna Sørbø - som var post- og telefonstyrar i Sørbøvågen, gav gratis tomt like ved Øn kyrkje.
Behova og teneste har endra seg med tida. I 2003 blei sjukeheimen bygd om slik at alle rom har vorte til einerom og bygget har fått to etasjar. Sjukeheimen har no 22 plassar fordelt på 3 avdelingar.
Området rundt sjukeheimen har gjennom åra vorte utbygd med til saman 24 omsorgsbustader. I august 2020 starta siste byggeprosjekt, som skal resultere i ytterlegare 4 bustader. Heimetenesta har og sin base i det som ein gang var ein sjukeheim. Alle tenestene er såleis samla i det som no heiter Hyllestad omsorgssenter.
I omsorgstenestene jobbar det sjukepleiarar, hjelpepleiar/helsefagarbeidar, vernepleiar, kokk, reinhaldar, ergoterapeut, fysioterapeut, aktivitør og merkantilt personell. Tilsynslegen er her fast ein gang pr veke. Omsorgstenesta har behov for mange forskjellige yrkeskategoriar der alle er eit likeverdig team for å kunne følgje opp brukarane og drifta rundt dei.
Omsorgstenesta er stadig i utvikling. Frå 2010 har dei jobba med å få snudd drifta frå sjukeheimsbasert til meir heimebasert, ved å flytte resurssar og opprette natteneste i heimesjukepleien. Slik kan ein ha døgnbemanning på omsorgsbustadane, og behovet for sjukeheimsplass vert redusert.
No jobbar dei med eit velferdsteknologiprosjekt saman med alle kommunane i Sogn og Fjordane. Velferdsteknologi er digitale og tekniske verktøy som hjelper menneske med dei utfordringane dei møter i kvardagen, enten det er på sjukeheimen, omsorgsbustaden eller i heimen. Eksempelvis kan ein vere i kontakt med helsepersonell på video, ein kan måle sitt eige blodtrykk og blodsukker, ta i bruk digital medisindispenser osv. Velferdsteknologi styrkar moglegheita til å klare seg sjølv, og meistre eige liv så lenge som mogleg i eigen heim. Dette er i tråd med Leve heile livet-reformen, som også er grunnlaget for helse- og omsorgsplanen til kommunen.
I 2019 vart omsorgstenesta med i eit prosjekt kalla «Legevaktsatellitt», som er organisert under SYS IKL (Sunnfjord og Ytre Sogn Interkommunale Legevakt). På denne måten kan personar som har behov for helsehjelp og som ikkje kan vente til vanleg kontortid, få hjelp lokalt. Pasientane ringer legevakta i Førde som før, og dei vil vurdere om innringar skal få tilbod om å møte på satellitten. Det skal altså vere eit supplement til den ordinære legevakta. Den er bemanna av sjukepleiarar som har gjennomgått kurs og opplæring for oppgåva, og under konsultasjon er satellitten kopla opp på videosamtale med lege i Førde.
Omsorgstenesta jobbar for trygg velferd i eigen heim. For å sikre tryggleiken din kan du få ein tryggleiksalarm som er kopla opp mot alarmsentralen i Flora døgnet rundt. Om det skulle oppstå ein akutt situasjon i heimen kan du på ein enkel måte få varsla og få den hjelpe du måtte trenge.
Einingsleiar er veldig glad for at dei no har både fysio- og ergoterapeut som kan behandle, rehabilitere og jobbe førebyggande med pasientane. Mellom anna har ein tilbod om «Aktiv på dagtid» tysdagar og torsdagar. Dette er eit lavterskel treningstilbod for alle, uansett alder.
Det er verdifullt og viktig å ha eit kjøkken som lagar middag til heimebuande og til pasientane på sjukeheimen. Mange eldre slit med sjukdommar og situasjonar som gjer at dei ikkje klarar å ivareta eit tilfredsstillande kosthald. For lite næringsrik mat eller lite tiltalande mat kan føre til underernæring, som i sin tur er årsak til fleire helseproblem. Fokus på ernæring er viktig og det er ein styrke å ha eige kjøkken med kyndig personell.
Omsorgstenesta er ei lærebedrift. Her tek ein i mot elevar og studentar i praksis, og for tida har dei 4 lærlingar som skal bli helsefagarbeidarar. Mange av dei som jobbar i tenesta i dag har starta som tilkallingsvikar før dei har teke helsefagleg utdanning. Lokal rekruttering er viktig på ein liten stad som Hyllestad.
Omsorgstenestene set særs stor pris på alle som ønskjer å hjelpe. Slik som til dømes Røde Kors som har tilbodet «besøksvenner». Kulturskulen eller koret som kjem og held konsert. Ein ser at folk har stor omsorg for sjukeheimen i Hyllestad og stiller opp når dei trenge hjelp eller inviterer til hygge for bebuarane. Øen Helselag har vore ein stor bidragsytar i mange år, og skal ha mykje av æra for at ein har fått til ein fantastisk sansehage tilknytt sjukeheimen. Då sjukeheimen grunna Korona stengde for besøk i mars, fekk ein Komp nettbrett i gåve frå Røde Kors besøksteneste og Handikaplaget i Hyllestad. Slik kunne pasientar og pårørande halde kontakten når dei ikkje kunne møtast fysisk.
Omsorgstenesta vil alltid vere ein spanande, allsidig og sikker arbeidsplass for dei som vil jobbe med menneske. Dersom du eller nokon du kjenner brenn for helsefaget, sjølv om ein er i eit anna yrke no, må dei ikkje nøle med å ta kontakt med einingsleiar Målfrid Sognnes.