hyllestad.info logo.png

Per-Magnar Sognnes

Per-Magnar er fødd i 1962 og har budd i Hyllestad mesteparten av sitt liv. Etter studie og jobb flytta han heim att til Hyllestad for å bygge seg hus og overta familiegarden på Hatlem. Der bur han framleis og driv garden saman med kona si Mylin.

 

I ein 10-årsperiode frå 1985 og framover var han veldig aktiv i DFS som instruktør i Sunnfjord Skyttarsamlag.  Han brukte mange av helgane i vintermånadane til å reise rundt i Sunnfjord og Ytre Sogn for å halde nybegynnarkurs i skyting. Det var for det meste nybegynnarar i alderen 10 til 16 år som var deltakarar på desse kursa.

Per-Magnar har jobba som vikarlærar på Hyllestad skule frå 1997 til 2001 med faga kroppsøving, kunst og handtverk. Han underviste for det meste på ungdomstrinnet men var og innom dei andre klassetrinna.

Frå 2015 jobba Per-Magnar med Norskopplæring for dei einslege mindreårige asylsøkarane som budde ved dei to asylmottaka i Hyllestad.

Han var med å etablere Hyllestad Opplæringssenter i 2. etasje i Leirvik Senter i 2016. Der jobba han som norsklærar for både einslege mindreårige- og vaksne asylsøkarar fram til 2019.  Tida som norsklærar for dei vaksne innvandrarane gav han mykje. Her vart han kjend med mange kjekke folk frå ulike land og kulturar, og har lærte mykje av det.

Per-Magnar har sterk tilknyting til Hyllestad og trivast godt her. Det er alltid noko å gjere på garden, men når han har fri, har han mange andre jarn i elden. Per-Magnar elskar friheita i Hyllestad og tek seg gjerne ein fjelltur når han har anledning. 

Han har og vore veldig aktiv i Skyttarlaget, der han framleis er leiar, og i ein periode hadde han 14-15 ulike verv. 

«Det er viktig å ta del i frivillig arbeid og stille opp når det trengs» 

Hyllestad.info er utvikla av Hyllestad kommune | Send epost  | Ring 57 78 95 00

  • Facebook - Hvit Circle
  • Instagram - Hvit Circle

Følg, lik og del!  #hyllestadinfo