
Kontakt:
Avdelingsleiar Gaute Lundeland
Tlf: 577 89 529
gaute.lundeland@hyllestad.kommune.no
Sentralbordet: 577 89 500
postmottak@hyllestad.kommune.no
Plan og utvikling skal bidra til å styrke og koordinere det langsiktige og strategiske utviklingsarbeidet i kommunen. Avdelinga utfører tenester innan byggesakshandsaming, arealplan, kart og oppmåling.
For å jobbe her er det ynskjeleg at ein har ingeniørutdanning, gått teknisk fagskule eller har lang erfaring innan fagfeltet.
På avdelinga har dei fire tilsette; Margun, Idar, Catinka og Gaute. I tillegg har prosjektleiar Rolf kontor på avdelinga, men er formelt sett ikkje organisert under Plan og utvikling.
Margun har ansvar for byggesaker. Skal du til dømes bygge noko er det ho som handsamar søknaden. Idar jobbar med regulerings- og arealplanar. Han handsamar private reguleringsplanar, utarbeidar areal- og samfunnsdel til kommuneplanen og arealplanar som kommunen har sjølv. Catinka er sekretær. Ho utfører administrativt arbeid, mellom anna fakturering av kommunale gebyr, lønn til brannvesenet og andre daglege driftsoppgåver. Rolf er prosjektleiar for kommunale utbyggingsprosjekt i kommunen og Gaute er avdelingsleiar. I tillegg til å koordinere alt som skal gjerast, har han og ansvar for kart og oppmåling.
Avdelinga jobbar med kvart sitt fagfelt, men har samla ansvar for planlegging og utvikling av kommunen sine fysiske miljø og på offentlege reguleringsplanar. Plan og utvikling har også ansvar for blant anna miljø, forureining og uttale til konsesjonssøknadar (akvakultur og kraftproduksjon).
No jobbar dei med arealdelen til kommuneplanen. Dette er eit verktøy for å styre kommunen si utvikling i den retninga ein ynskjer, og planane set rammer for bruk og utforming av areal og bygningar i kommunen. Etter planen skal den ut på høyring etter nyttår og då er det ekstremt viktig at folk fylgjer med og engasjerar seg.
Kven som helst kan komme med innspel, men det er viktig at du gjer det no for å få det med i arealdelen. Elles må ein ha dispensasjon og det er ikkje alltid like enkelt. Gaute seier at det er no ein har sjansen til å gjere noko, og han håpar folk engasjerar seg og kjem på folkemøta som er under planlegging. Dei vil komme med varsling i Firda, på heimesida til kommunen og i sosiale media.
I tillegg til dette har dei mange andre pågåande saker. Mellom anna jobbar dei med ein områdereguleringsplan på Salbu, endring av detaljreguleringsplan for bustadfelt på Salbu, tettstadprosjekt på Hyllestad og ombygging på Eiklund.
I forhold til framtida og vidare utvikling vil avdelinga jobbe med å tilby dei tenestene dei skal i hendhald til lovverket. Plan og utvikling vil framleis ha ei sentral rolle når det gjeld planlegging og gjennomføring av fysiske tiltak i kommunen, samt sakshandsaming og forvaltning knyt til ulike lovverk.