med fastlege- og interkommunal legevaktordning
Eit nytt liv i landleg og vakker natur ved havet?
Etter mange år med bruk av vikarbyrå ønskjer vi å etablere ein ny modell for legetenesta vår med legestillingar i legekontoret og legevaktvaktordning med tilknyting til KAD-avdeling i eit interkommunalt legevaktsamarbeid. Ordninga skal innførast innan 01.01.2022.
Kommunen har frå før vår dyktige kommunelege som har vore i kommunen over lengre tid med ansvar for sjukeheimen og helsestasjonen. Legestillinga i nordsjøturnus arbeider 1-2 veker kvar. Du er på legekontoret frå kl. 08:00 til 15:30 med vaktberedskap. Utanom dette er stillinga tilknytt ca. 2-3 vakter på ettermiddag/helg i den interkommunale vaktordninga pr. månad.
Legekontoret vårt er ope fem dagar i veka og bemanna med dyktige og robuste sjukepleiarar og legesekretær. Kontoret er velutstyrt med godt medisinsk utstyr og er samlokalisert med psykisk helse, helsestasjon, jordmor, NAV og fysio. Legevakta ligg i Førde med litt over 1 times køyring frå Hyllestad og der vil det alltid vere to legar på vakt.
I tillegg til fastlegeoppgåver og legevakt, har legen fast samarbeid med heimetenesta. Stillinga er tillagt smittevernfunksjon. Dei som vert tilsett kan velje fast tilsetting, eller få fast honorar som næringsdrivande.
For å dekke sjukefråvær og anna fråvær, søkjer vi i tillegg etter lege som kan steppe inn ved planlagt fråvær og på kort varsel ved akutt sjukdom.
For stillinga er det krav om spesialisering i allmennmedisin.
Legekontoret vert drive av kommunen. Hyllestad kommune har som mål at alle innbyggjarar skal ha tilgang til gode allmennlegetenester, tilpassa sine behov.
Ansvar og oppgåver:
Fastlegeoppgåver
Legevisittar og konsultasjonar i heimetenesta
Legevakt
Kollegial fråværsdekning i legekontoret
Smittevern
Dei kommunale oppgåvene tillagt heimelen kan endrast etter avtale
Kvalifikasjonar:
Offentleg godkjend lege med norsk autorisasjon
Spesialist i allmennmedisin
Meistrar skandinavisk språk og tilfredsstiller det skriftleg og munnleg
God kommunikasjon og relasjonelle ferdigheiter
Førarkort kl. B
Personlege eigenskapar:
Systematisk, fleksibel og løysningsretta
Oppteken av å løfte fram andre – god rolleforståing
Er interessert i, og trivast med utviklingsoppgåver og innovasjon
Gode samarbeidsevner og kommunikasjonsevner
Robust og stor arbeidskapasitet – klarar å stå i krevjande situasjonar og ta leiinga
Personlege eigenskapar vert vektlagt
Vi tilbyr:
Arbeidsvilkår i tråd med gjeldande tariffavtaler
Pensjonsavtale i KLP
Fastløn etter avtale
Spennande utviklingsoppgåver og tverrfagleg miljø
Godt arbeidsmiljø og dyktige kollegaer
Gratis bustad og reiser til og frå arbeid
Gratis tilgang til treningssenteret like ved legekontoret
Tilgang til bil
Tiltreding seinast 01.01.2022
Du må legge fram tilfredsstillande politiattest som ikkje er eldre enn 3 månadar før du kan ta til i stillinga.
Søknadsfrist 27.oktober 2021
For meir informasjon, kontakt helse- og omsorgssjef Trine Engebø, tlf. 91 53 42 57,
stableiar HR og økonomi Elin Solås, tlf. 905 07 908, eller send e-post til postmottak@hyllestad.kommune.no
Vi ynskjer to referansar i søknaden. Vitnemål, attestar og autorisasjon kan leggjast fram i evt. intervju. Du søkjer på stillingane på kommunen si heimeside – ledige stillingar.
Hyllestad kommune ligg ytst på nordsida av Sognefjorden i Vestland fylke. I kommunen bur det om lag 1300 innbyggarar.
I Hyllestad får du rike naturopplevingar året rundt. Sjøen og fjella er ein del av både sjela og landskapet i Hyllestad. Her kan du fiske, padle, gå i fjæra eller gå i fjellet. Det høgaste fjellet i kommunen er Lihesten – eit landemerke på vestlandskysten og eit populært reisemål. Du finn også milevis med merka turløyper i varierande vanskegrad.
Kommunen har eit godt og kvalitetssikra barnehagetilbod, skule og skulefritidsordning, kulturskule, omsorgstenester og tekniske tenester.
Velkommen til Hyllestad!