top of page

Ledig butikklokale på Leirvik Senter

Er du på jakt etter å leige lokale til butikk eller eit anna spanande konsept?

Reidun Skår har hatt gleda av å drive Reiduns Blomster & Gåver på Leirvik Senter i fire år, men skal no gå av med pensjon og ønskjer å overlate drifta til nokon andre. Dette er ein gylden moglegheit for den som har tenkt å starte for seg sjølv.

Roar, Erna og Reidun ønskjer ny leigetakar hjarteleg velkomen

Lokalet har ein perfekt beliggenheit ved inngangen på senteret. Lokalet er på ca 80 kvadratmeter, med moglegheit for utviding.


Som leigetakar på Leirvik Senter blir du ein del av eit etablert miljø der kunnskapen om butikkdrift og handel er høg. Du får moglegheit til å bli med på senterets kampanjer, tilbod og aktiviteter.


Du kan overta butikken slik den er i dag, eller starte opp noko heilt nytt. Det viktigaste er å oppretthalde aktiviteten på senteret og tilby ein plass der folk kan samlast. Vi kan hjelpe deg med å tilpasse lokalet slik at det passar ditt konsept.


Det er ein fordel at du ønskjer å drive ein butikk/detaljhandel, men kva du skal selgje og korleis du ønskjer at butikken skal sjå ut, er opp til deg. Du kan til dømes ha ein liten kafékrok, popup, utstilling, outlet, samarbeid med andre, kombinert nettbutikk osv.

Men utleiger har eit krav, og det er at butikken skal vere open og tilgjengeleg, til gjengjeld får du leige lokalet til ein rimeleg sum og du vil få god hjelp og assistanse frå leigetakarar. Reidun ønskjer også å hjelpe i overgangsfasen. Ho tykkjer det er vemodig å avslutte drifta og tykkjer det er frykteleg trist om ingen overtar.


Går du med ein draum om å drive butikk, men er usikker på om det lønsamt eller korleis ein går fram?

Hyllestad Næring kan hjelpe deg med å gjere ein forstudie der du får sjå om det er eit marked som passar ditt konsept. Det er også mogleg å søkje på etableringsmidlar og få god rettleiing og hjelp ved oppretting av ny bedrift.


For meir informasjon kan du kontakte Reidun Skår, utleigar Roar Einen og Erna Braastad eller næringskoordinator Laila Johannessen.

 

Kontaktinformasjon:

Roar Einen: E-post: roareine@online.no Tlf: 97 17 88 90

Erna Braastad: E-post: erna.brastad@enivest.net Tlf: 90 84 79 82

Laila Johannessen: E-post: laila@emal.no Tlf: 95 22 48 46

Reidun Skår: E-post: reidunsblomster@enivest.net Tlf: 92 27 98 15

Velkomen til Leirvik Senter!



hyllestad.info logo.png
bottom of page