top of page

Nærkontor i Leirvik!

Er du lei av heimekontor og ønskjer å jobbe saman med andre i eit innovativt miljø?

Fleire enn nokon gang har blitt tvungen til å teste ut heimekontor, ta i bruk nye digitale system og finne alternative løysingar til jobbreise. Dersom du er ein av dei og til dømes bur og jobbar ein annan stad, men ønskjer å vere heime i Hyllestad, kan du leige kontoret i Leirvik - gratis!


Det er også mogleg å leige kontorplass for deg som bur i Hyllestad, men som ønskjer å sitte i eit større miljø for å få nye impulsar og bekjente.


Havbruksmiljøet i Leirvik består i dag av Akvahub, Bulandet Miljøfisk, Arez, Bkk Enotek og Akvavet Gulen. Selskapa har allsidig kompetanse og jobbar til dagleg med å utvikle marin og maritim næring lokalt og regionalt. Av kompetanse kan vi nemne: økonomi, prosjektleiing, controller, havbruksbiologi, produksjonsoptimalisering, elektro, kompetanseheving, landstraum, fiskehelse, prosjektering og sivilingeniør.


Gjengen sit i andre etasje på Leirvik senter. Her får du tilgang til ditt eige kontor med stor skjerm og raskt internett. Du vil også kunne nytte deg av dei andre fasilitetane som er der, slik som møterom og lunsjrom. Ta med din eigen PC/MAC og du er klar til å jobbe på Nærkontoret i Leirvik.

 

Klikk deg inn og book dei dagane du ynskjer å låne kontoret:


hyllestad.info logo.png
bottom of page