
Ragnar Strandos, Andreas Akse, Emild Espeland, Oddvar Lone og Anton Guddal.

Hyllestad Pukk
Sognesjøveien 1318
6953 Leirvik i Sogn
E-post: anton.guddal@veidekke.no
Tlf: 577 88 863
Eit pukkverk er eit anlegg der ein produserer pukk av fjell som blir sprengt, knust og sikta i forskjellige fraksjoner. I Hyllestad starta det heile med at nokon i 1985 tok ut prøvar frå fjellet i Listraumen. Då fann dei ut at fjellet var av granitt. Ein stein som egnar seg særs godt som asfalt. Men det var først i 1992 at ting begynte å skje. Det vart tatt ut nye prøvar og analysar, det ble bygga ein veg frå fjellet og ned til sjøen, og det vart grava ut eit området som blei klargjort for å støype kai.
I 1994 kom det inn aktørar som kunne drive uttak av steinen, men først i 1998 vart produksjonen starta og Hyllestad Pukk AS blei stifta. Fram til 2004 hadde Hyllestad Pukk ein produksjon på 100-200.000 tonn i året. Transportvegen var sjøvegen.
I mai 2005 kom Veidekke Industri (Kolo Veidekke AS) på bana og kjøpte alle aksjane til Hyllestad Pukk AS. I 2009 var vegen til pukkverket frå Sognnes klar for opning, og i 2010 blei det satt opp ein asfaltfabrikk i tillegg til pukkproduksjonen. No var ein godt rigga for å kunne bidra til Veidekke sin satsing på produksjon av pukk og grus til forsyning til asfaltfabrikkane og veg-utbyggjarane.
Det er Listraumen AS som eig og leier ut eigedommen til disposisjon for Veidekke Industri. Eigarane bak Listraumen AS er Henry, Anne-Marie og Nils Kristian Sognnæs.
Eit anna viktig firma i samarbeidet på pukkverket er Stangeland Maskin AS. Dei har ein treårig avtale der hovudjobben er reinsking, boring, sprenging, knusing og transport av steinblokkar fram til buffer som mater vidare til finverk. Derifrå overtek dei tilsette på pukkverket jobben sjølv.
I maskinane til Hyllestad Pukk produserast det ca. 300.000 tonn pukk og stein som blir levert til Førde asfaltfabrikk og Hyllestad asfaltfabrikk, men også til Ålesund, Kristiansund, Sandnes, Bergen, Island og Baltikum.
På Hyllestad Pukk er dei no seks mann som jobbar fast, der ein av dei er lærling. Dei tar også årleg inn praksiselevar frå vidaregåande skuler. For å få jobb på Hyllestad Pukk bør ein ha mekanisk bakgrunn og fagbrev som anleggsmaskinførar, mekanikar, sveisar eller elektrikar. Det finnast ikkje eit eige fagbrev for denne bransjen, men det vert det jobba med å få til. Dei som er lærling på Hyllestad Pukk jobbar seg fram til fagbrev som anleggsmaskinførar.
At dei tilsette trivast på jobben og er stolte av arbeidsplassen sin, er det ingen tvil om. Dei er knallstolte av store maskiner på opptil så mykje som over 40 tonn! Hjullastarane dei har er Volvo 260H og Volvo 220H. Dei har og ein dumper, Volvo A30. Dei viser stolt fram knusarar, transportband og datasystem. Dei viser fram store haugar med ferdig produsert grus, singel og pukk i ulike klassar klar til levering. Dei fortel om den gode kvaliteten på massane. Dei fortel om lossing til båtar. Ein av dei tilsette fortel med glimt i auga at første veka på jobb som nytilsett var som å sleppe ein unge laus i verdas største og finaste sandkasse.
På anlegget må dei passe på at alt er skikkeleg og sikkert. HMS, internkontroll og kvalitetssikring står høgt. Band og knusar må overvakast til ein kva tid. Dei har ein skjerm som dei kan følgje med på, og justere balansen på anlegget. Når det er fullt på transportbandet må dei køyre det vekk. Dei har eit godt augemål og har blitt veldig gode på å finne feil. Er det noko dei meiner ikkje har den kvaliteten som krava tilseier, sender dei det inn for kontroll på laboratoriet som dei har på staden. På laboratoriet blir det utført kvalitetskontroll av asfalt og tilslagsmaterialar. Alle massane som kjem frå Hyllestad Pukk blir typetesta og godkjend av Kontrollrådet.
Massane dei tek ut er kjend for sin lyse utsjåande og gode kvalitet. Dei blir difor ofte brukt i tunellar. Den nye vegen langs Jølstravatnet er laga av asfalt frå Hyllestad. Det same med Gudvangtunellen. Om du ser ein lys asfalt ein plass i Noreg kan du nesten vere heilt sikker på at den kjem frå Hyllestad. Det er litt stas.
Det er alltid nokon som treng asfalt og stein. Nett no har dei mykje dei skulle eksportert, men som dei ikkje får levert på grunn av korona. Dei håpar at det blir ein betring slik at dei kan halde fram det kjekke og viktige arbeidet.