hyllestad.info logo.png
  • Facebook
  • Facebook - Grå Circle

Sjå meir av arbeidet til Ørjan her eller besøk facebook-sidene:

Arkeoreplika.jpg

Rådgjevande Arkeologar

Eidevegen 221, 6953 Leirvik i Sogn

Tlf: 91 32 94 17

E-post: post@arkeoraad.no

arkeoraad.no

Firmaet Rådgjevande Arkeologar er eit lite konsulentselskap med spisskompetanse på kulturminne og kulturmiljø. Firmaet held til på Åfjorddalen og består av Oddhild Dokset Engedal og Ørjan Engedal. Begge er utdanna arkeologar ved Universitetet i Bergen og dei har lang og variert erfaring med arbeid med kulturminne.

 

Rådgjevande Arkeologar jobbar hovudsakleg med arealplanlegging. Når eit utbyggingsprosjekt av ein viss storleik skal i gang, er ein del av planprosessen å gjere greie for kva verknader tiltaket vil ha for, mellom anna, ulike miljøtema. Det vert utarbeida konsekvensutgreiingar og andre typar fagrapportar og Rådgjevande Arkeologar utarbeider slike for tema kulturmiljø. I denne samanhengen jobbar dei ofte som underkonsulentar for større firma, som ikkje sjølve har kulturminnefagleg kompetanse. Firmaet tek oppdrag over heile landet, men storparten har vore på Vestlandet. Dei har mellom anna ein god samarbeidspartnar i Rogaland dei har jobba mykje saman med. Paret skriv og kulturminneplanar, og då er det kommunane som tek kontakt for oppdrag. Oddhild har nyleg bistått Hyllestad kommune med deira kulturminneplan og Ørjan har skrive for Gulen kommune.

 

Både Oddhild og Ørjan valde utdanning basert på interesse for arkeologi og historie utan å ta omsyn til at det er relativt avgrensa med arbeidsplassar for dei som ønskjer å jobbe som arkeolog. Då dei var ferdig utdanna i henholdsvis 2002 og 2004, var vegen vidare å jobbe som feltarkeologar. Dei jobba på kortare og lengre prosjekt over heile landet. Dette var ei veldig kjekk og spanande tid, der dei fekk reise mykje og verte kjende med mange andre i same fagområde - på godt og vondt. Ørjan gjekk etterkvart over til å jobbe meir med forsking og undervising. Han underviste ved Universitetet i Bergen og byrja på doktorgraden sin. 

 

I 2010 fekk Oddhild seg jobb som plankonsulent/arkeolog i Asplan Viak, på kontoret deira i Leikanger. På same tid var Ørjan ferdig med sin doktorgrad ved UiB og då passa det fint å flytte saman til Leikanger. 

 

Parallelt med både studiar, feltarbeid, undervising og doktorgrad, har Ørjan oppretta si eiga verksemd der han lagar kopiar av arkeologiske gjenstandar på oppdrag frå bedrifter og privatpersonar i inn- og utland. Det byrja i det små, når han var heime i Hyllestad i feriar og helgar. Her hadde han tilgang til både plass og utstyr han hadde behov for, hjå foreldra sine og i broren sin bilverkstad. Medan paret budde i Leikanger pendla Ørjan mykje til Hyllestad der han jobba med å vidareutvikle denne bedrifta. Då Oddhild skulle ut i fødselspermisjon, bestemde dei seg for å bu i Hyllestad i permisjonstida, slik at Ørjan enklare kunne fortsetje med dette. I dag har denne verksemda utvikla seg til å omfatte ein allsidig produksjon, der han arbeider med alle typar material frå bronse, jarn, tre, skinn og tekstilar. 

 

Oddhild og Ørjan bestemde seg etterkvart for å satse som sjølvstendig næringsdrivande, dei hadde med åra tileigna seg mykje erfaring og kompetanse. Oddhild sa opp jobben sin i Leikanger og i august 2011 starta dei firmaet Rådgjevande Arkeologar. Dei var spente på om det gjekk an å drive eit slikt firma utanfor dei store byane, og enn så lenge har det gått fint. Oppdraga er rundt om i heile landet, og ein må vere budd på å reise langt uansett kvar ein bur, i by eller bygd. Det viktigaste er eigentleg å ha tilgang til godt internett. 

 

Å etablere seg på små stader som Hyllestad, er og tryggare økonomisk, med låge prisar på bustadar og kontorlokale. Dei vil og nytte høvet til å berømme Sigrid og Marit på Hyllestad folkebibliotek. Kvar gong Oddhild og Ørjan skal starte eit prosjekt, kontaktar dei biblioteket for å be om hjelp til å skaffe eventuelle bøker dei treng for å setje i gong. Der møter dei alltid god og venleg hjelp.

Rådgjevande Arkeologar er ei kunnskapsbedrift og utfordringa er å få nok oppdrag. Det gjeld å etablere gode samarbeidspartnarar, få referansar og verte synlege innad i miljøet. Får dei ein «fot innanfor» så ballar det fort på seg og i år har bedrifta deira ti-årsjubileum!

 

I firmaet Rådgjevande Arkeologar jobbar paret med mykje forskjellig og med eit stort spenn av kulturminne. Dei vurderer difor å byte namn på bedrifta til noko som vil vere meir passande for alt dei kan tilby. Namnet Rådgjevande Arkeologar kan for mange oppfattast litt smalt, og dei ynskjer å finne eit namn som syner bredda i bedrifta deira betre. Dei leikar og med tanken om å ekspandere litt og ta på seg fleire typar oppdrag.

Ørjan si verksemd er plasskrevjande, så paret er glade for at dei har fått kjøpe seg eit hus med ei stor tomt og garasjeplass. Det å ha litt plass rundt seg var viktig for begge, når dei fyrst skulle flytte frå meir «trongbudde» strok. Dei trivest godt i Hyllestad og synest det er ein god stad å bu, både for dei sjølve og for dei to jentene deira. 

 

Oddhild og Ørjan likar jobbane sin godt og tykkjer det er heilt fantastisk at ein kan få det til i vesle Hyllestad. Herifrå når dei ut til heile verda.

Hyllestad.info er utvikla av Hyllestad kommune | Send epost  | Ring 57 78 95 00

  • Facebook - Hvit Circle
  • Instagram - Hvit Circle

Følg, lik og del!  #hyllestadinfo