hyllestad.info logo.png

Regine Førsund

Regine er 35 år, oppvaksen i Leirvik og bur på Heggebøen. 

Livet hennar har vore prega av kronisk sjukdom frå ho var 11 år gammal, noko som har påverka skule og utdanning.

Etter endt grunnskule på Hyllestad har ho brukt  mykje tid på å fullføre vidaregåande. Ho innsåg at ho ikkje kunne satse på lang utdanning og utdanna seg til hud og kroppsterapeut i Oslo, der ho gjennomførte ei 3-årig utdanning på eitt år.


Ho jobba i eitt år på Sunnfjord Spa i Førde, men helsa vart verre og det gjekk ikkje å jobbe.
Ho måtte dermed kaste inn handklede og vart 100% ufør.
Det var ei tung avgjersle, men nødvendig når helsa var så dårlig.

 

Regine trudde ikkje at ho kom til å flytte tilbake til Leirvik etter å ha budd vekke sidan ho var 15 år. Ho vart åleine etter eit forhold som hadde vart i over 10 år, og då mor til Regine flytta austover føltes det plutseleg rett å flytte heim. Ho kjøpte barndomsheimen og er no godt i gang med å renovere denne. 

 

Regine byrja å blogge då ho var sjuk. Dette var noko ho kunne gjere frå senga eller sofaen. På bloggen skreiv ho om mote, livet og sjukdomen. Etter kvart kom instagram, og i 2014 bestemte ho seg for å kun fokusere på interiør som ho var blitt så interessert i. Instagramprofilen hennar synar bileter frå heimen, stil og interiør. Regine elskar å ta bilete, og det er noko ho kan gjere i pysjen heime. Når ein kun er heime så betyr det mykje at ein trivast der, og at det er fargar og interiør som er fint og behagelig å opphalde seg i.


Det Regine tykkjer er best med å bu i Hyllestad er at det er så rolig her. «Det føles trygt å bu her, og så er det jo så fin natur» seier ho. Fritidsinteressene hennar er turar i skogen med hunden sin når helsa tillet det og ho har blitt glad i hagearbeid. Elles går det mykje tid til styling og fotografering av bileter til instagram.

 

Instagramprofilen til Regine finn du her.

Hyllestad.info er utvikla av Hyllestad kommune | Send epost  | Ring 57 78 95 00

  • Facebook - Hvit Circle
  • Instagram - Hvit Circle

Følg, lik og del!  #hyllestadinfo