hyllestad.info logo.png
  • Facebook

I 2017 gjekk ein draum i oppfyllelse, Reidun opna si eiga butikk - Reiduns Blomster og Gåver i Leirvik Senter.

 

Reidun hadde i lengre tid tenkt på å starte noko sjølv i Hyllestad og når moglegheita dukka opp greip ho sjansen. Reidun har alltid hatt ein interesse for blomster og for 30 år sidan jobba ho faktisk i Førsund Blomster på same senter som i dag.

Hos Reiduns Blomster og Gåver finn du alt av blomster og planter, samt praktiske gåver til deg sjølv eller nokon du er glad i. Er det noko du saknar må du berre ta kontakt med Reidun - ho kan nemlig fikse det meste og set pris på tilbakemeldingar. 

Det er berre Reidun som jobbar i butikken og ho har opent alle dagar unntatt søndag. Ho er takknemlig for familie, vener og Ernas Frisør som kan stille opp og hjelpe til dei dagane ho eventuelt ikkje kan jobbe.

 

I butikken gjer ho alt sjølv, ho tek bestillingar på blomster til alle anledningar og reiser på messer for inspirasjon og nyinnkjøp av varer. Ho samarbeider ofte med senteret og innimellom arrangerer dei kundekveldar, messer og kurs. Men det er ikkje berre blomster og gåver du får kjøpe i butikken, det er også ein sosial møteplass med moglegheit for å få seg ein kaffekopp og noko godt attåt. 

Reidun tykkjer at innbyggjarane er flinke til å handle i butikken, og ser at folk er blitt meir bevisst på å handle lokalt. Ho trivast godt og synast at senteret er ein kjekk plass å vere.

Frå årsskiftet går Reidun over i pensjonistane sine rekkjer. Ho er no på jakt etter nokon som vil overta butikken hennar.

Om du ønskjer å overta butikken eller starte opp noko liknande, kan du ta kontakt med Reidun.

Tlf: 922 79 815

E-post: reidunsblomster@enivest.net