hyllestad.info logo.png

Det har vore reinhald tilknytt kommunen like lenge som det har vore kommunale bygg. Reinhaldsoperatørane reingjer og vedlikeheld overflater, og bidreg til å skape eit sunt innemiljø på skulen, i barnehagen, hallen og på kommunehuset. 

 

På skulen er det tre reinhaldarar som vaskar, i barnehagen er det ein, i hallen er det ein, og på kommunehuset er det tre. Dei endrar på kor mange dei er, alt ettersom kvar behovet er størst. Etter korona kom måtte dei auke bemanninga. Dei må vaske mykje oftare og ha fokus på alle berøringspunkt. For å auke smittevernet ytterlegare har reinhaldarane sett ut sprayflasker og informasjon i alle klasserom og lunsjrom/avdelingar slik at alle kan bli meir bevisste på å vaske etter at dei har vore samla rundt eit bord eller liknande berøringspunkt. 

 

Utanom ekstra tiltak på grunn av korona, har reinhaldsoperatørane varierte arbeidsoppgåver der dei må kunne handtere ulike maskiner og ny teknologi, som til dømes vaskerobotar. Dei må og ha god kunnskap om inneklima, hygiene og rett bruk av kjemikaliar. Det er eit aktivt yrke der ein får brukt mykje av kroppen. 

 

Vicky Bårøy er den som har jobba lengst som reinhaldsoperatør i kommunen. Ho seier at det har vorte mykje lettare og mindre belastande for kroppen no. Før var det tunge moppeskaft av stål og store bøtter med mykje vatten. Dei hadde heller ikkje forlengingsskaft for å rekke opp på høge plasser, som til dømes tavlene på skulen. No har dei fått vaskerobotar til å vaske store golv, som til dømes hallen. Dei har og nokon mindre som tek opp sand og kjem til under plasser det er vanskelig å nå med vaskekost. 

 

Reinhaldsoperatørane har god kunnskap om kva materialar ein bør velge ut i frå slitasje og vedlikehald. Og når noko skal endrast av golv eller liknande er det viktig at reinhaldarane blir med på avgjersla.

Sølvi Nydal er reinhaldsleiar og til saman er dei eit team på 13 personar, der 3 er vikarar. Fire av desse har 100% stilling, medan dei andre har variert stillingsprosent. Sølvi har jobba i kommunen sidan 1999, og både ho og fleire av dei andre har tatt fagbrev som reinhaldsoperatør. Akkurat no er det 2 reinhaldarar som held på å ta fagbrev. 

Dei er alle einige om at det har vorte eit kjekkare arbeidsmiljø no når arbeidsplassane er meir samla. Når skule, hall, kommunehus og barnehage er så nær, gjev det moglegheit for fleire samlingar og møter blant personalet. Sølvi seier det er viktig å møtast slik at ein kan diskutere, og ta opp ting, om noko er vanskeleg. Som reinhaldsoperatør må ein kunne jobbe både sjølvstendig og i samarbeid med andre. Det er eit fysisk krevjande yrke og ein bør difor ha god fysisk helse og lære seg korleis ein jobbar effektivt, men nøyaktig.

 

Så lenge kommunen har bygningsmasse kjem det til å vere behov for reinhald. Dette er eit samfunnskritisk yrke som krev mykje meir enn berre vasking av golv. Dei skal kunne legge opp reinhaldsrutinar for et heilt bygg, velge dei rette hjelpemidla, og rapportere at alt vert utført etter  gjeldande reglar og førskrifter.

 

Om du ønskjer å jobbe saman med den kjekke gjengen på reinhaldsavdelinga, vil du få full opplæring og støtte undervegs. Når du har minst fem års praksis kan du gå opp til fagprøven.

 

 

Kontakt: 

Reinhaldsleiar Sølvi Nydal

E-post: solvi.karin.nydal@hyllestad.kommune.no

Tlf: 952 00 192

hyllestad.kommune.no