hyllestad.info logo.png

Renate & Øystein

Renate Ørnehaug Dale (f.1985) og Øystein Haugen (f.1989) flytta frå Bergen der dei begge studerte og jobba, og heim til Leirvik i 2016. Då dei fekk eldste dottera fann dei ut at dei ynskte å bu nærare familien og bur no på Øvre Heggebøen i Leirvik. Her bur og trivast Renate, Øystein, Mathilde, Matheo og Benjamin veldig godt.

 

Dei trivdest godt i Bergen og, men sakna å ha eit nettverk med næraste familie rundt seg. Øystein er oppvaksen på Øystese og er, som Renate, vand til å bu på ein mindre og landleg plass med besteforeldre og familie i nærleiken. 

 

Øystein var på dette tidspunktet sjukemeldt frå jobben etter ein ryggoperasjon og sidan dei ikkje hadde forpliktingar i forhold til jobb, bestemte dei seg ganske kjapt for å flytte heim til Leirvik sjølv om dei ikkje hadde hus eller jobb som venta på dei.

Dei hadde ein tomt som stod klar for bygging, men rett etter at dei flytta heim så kom det eit hus til sals like i nærleiken av der Renate vaks opp. Dei gjekk nokre rundar med seg sjølv, og bestemte seg for at dei ville kjøpe det og heller pusse det opp, i staden for å bygge eit heilt nytt hus og vente på at det skulle bli ferdig. 

 

Ting gjekk fort etter at dei flytta heim. Etter at dottera byrja i barnehagen starta Renate i ny jobb som dagleg leiar på Hotel Sognefjord. Ho er utdanna resepsjonist og har lang erfaring frå hotellbransjen, men som dagleg leiar var det sjølvsagt mykje som var nytt. Utfordringar er noko Renate tek på strak arm, og ho tykte det var ein kjekk og gjevande jobb. 

 

Øystein vart etterkvart betre i ryggen og klarde å komme tilbake til arbeidslivet. Han er utdanna sjukepleiar og i Bergen jobba han på sjukehuset i Sandviken innanfor sikkerheit og akuttpsykiatri. Psykiatri var noko han ville fortsetje med og då han fekk jobbtilbod som teamleiar i eit privat helsefirma i Hafslo var han ikkje i tvil. Dette var draumejobben, ein turnusjobb han hadde sett på i fleire år. 

 

Sjølv om dette medfører pendling og at Øystein periodevis er vekke frå familien, så har det fungert veldig bra for dei. Å jobbe lange dagar innan psykiatri kan vere ganske krevjande. For Øystein er det mykje betre å ha fullt fokus på jobb den veka han er der, for så å skifte over til å ha fullt fokus på familien den veka han er heime. 

 

Sidan dei flytta heim i 2016 har paret no fått sitt tredje born. Renate er i mammapermisjon og har sagt opp jobben på hotellet. Med tre born og Øystein som jobba medleverturnus vart det vanskeleg å kombinere. Ho hadde det veldig kjekt i jobben og set stor pris på tilliten ho fekk, men seier at tida no var inne for å prioritere familieliv. Ho vil heilt klart tilbake til arbeidslivet, ho er altfor sosial til å berre sitje heime, men ynskjer seg ein jobb der ho kan jobbe på dagtid medan borna er på skule og i barnehage. Ho er ikkje kresen når det kjem til jobb, og seier ho kan trivast med alt så lenge det involverar å vere saman med andre menneske. 

 

Begge seier det er inspirerande å sjå kva folk får til i Hyllestad. Det er mykje bra og variert kompetanse her, og folk vågar å satse. Det er og tydeleg at kommunen set pris på innbyggjarane sine. Med ny gang- og sykkelveg til Leirvik, ny fleirbrukshall og billegare barnehage viser det at kommunen ynskjer å ta vare på dei unge familiane som bur her.

 

Renate og Øystein stortrivast i Hyllestad. Det er fantastisk å ha familien så nær, det er trygt og godt for borna å vekse opp og dei set pris på den vakre naturen som er rett utanfor inngangsdøra. 

Dei har det mest nødvendige i Hyllestad, og skulle dei mangle noko så tek dei seg gjerne ein tur til Førde eller Bergen. Før korona reiste dei ofte på helgeturar til Øystese og Bergen for å besøke vener og familie der. I Øystese bur farmor og mange andre familiemedlemmar, farmor er forresten den store stjerna til Mathilde.

No har dei kjøpt seg campingvogn og er klar for Norgesferie til sommaren. Renate har sjølv vore på nokre campingturar med familien då ho var lita, og seier at dette er dei beste minna ho har frå barndomen. Ho gler seg til at hennar barn skal få oppleve det same. 

 

Småbarnslivet har stått til forventingane. Det er ei hektisk tid og dagane går i eitt, men det er herleg å sjå borna vekse opp og knyte band til resten av familien. Bestefar med arbeidsklede og traktor er den store helten til mellomste sonen deira. Dei er takknemlege for at far til Renate bur så nær og har hjelpt dei mykje med oppussinga av huset. For Øystein er det og ein tryggheit at far til Renate bur så nær, når han sjølv er på jobb i Hafslo. 

"Det er fantastisk å ha familien så nær, det er trygt og godt for borna å vekse opp og vi set pris på den vakre naturen som er rett utanfor inngangsdøra"

 

Når Øystein har fri bruker han mesteparten av tida til familien. Det er kjekt å finne på ting ute i lag med borna, og grillhytta som er sett opp på vegen mot Sauesnyken er fantastisk. Etter at treningsrommet i hallen kom, er det ingenting han saknar av tilbod i Hyllestad. Hallen er fantastisk og den vert mykje brukt av heile familien. Ein annan ting som er viktig for familien er å ha helsesøster og jordmor på plass. Dei er utruleg fornøgd med dei som er der no og seier dei gjer ein veldig god jobb. 

 

Elles vil dei sei at folk i Hyllestad er kjekke og inkluderande. Alle dreg litt i same retning og motiverer og oppmuntrar om du har ein ide, eller vil starte opp med noko sjølv.