hyllestad.info logo.png
RR1_edited.jpg

Reto Reinhald vart etablert i 2016 av Erlend Hatleberg. Det heile starta med at han sjølv trengde hjelp til vask av privat bustad i Hyllestad. Då fann han ut at det ikkje var eit einaste vaskebyrå i HAFS-regionen, og bestemde seg like godt for å starte eit sjølv. 

 

Karina Fleten vart tilsett som driftsleiar, og det tok ikkje lang tid før oppdraga rann inn og dei måtte tilsette fleire. I dag er dei fem tilsette med lokasjon i Hyllestad, Dale og Førde. Dei tilbyr vask i heile HAFS, i tillegg til Høyanger og Sunnfjord kommune. Dei har i dag flest kundar i Fjaler og har difor lageret sitt der, men arbeidarane har kvar sin bil og er svært fleksible på kvar dei kan vere. 

 

Reto Reinhald er ein profesjonell leverandører av reinhaldstenester til næringsliv og privatkundar. Dei er offentleg godkjende og utfører sine tenester med høg kvalitet. Dei kan tilby dagleg reinhald, nedvask av hus, vindaugsvask, fasadevask og boning av golv.

 

Karina har opp gjennom åra opparbeida seg ein god del faste kundar. Ho ser at privatmarknaden er spesielt opptekne av å ha faste folk som kjem og vaskar hjå dei. Og det kan ho forstå. Jobben bygger mykje på tillit og service, og ho trur at nettopp det er ein av suksessfaktorane til at Reto Reinhald gjer det so bra. 

 

Karina er stadig på utkikk etter fleire tilsette, og om du ønskjer å jobbe for Reto Reinhald kan du ta kontakt med ho. Du bør vere omgjengeleg, serviceinnstilt, pliktoppfyllande og sjølvsagt flink til å vaske. I tillegg bør du ha førarkort. Det er ein varierande jobb og nokre gonger tek dei på seg oppdrag som nedvask av butikkar eller andre liknande store lokale.

 

Før Reto Reinhald kan gje deg eit pristilbod på reinhald, kjem dei på befaring. Det er store variasjoner i kva folk ønskjer. Nokon vil berre ha vask av ein etasje eller eit rom, medan andre vil ha eit heilt hus.

Framtida for bedrifta ser lys ut. Behovet for vaskehjelp er aukande, og det er stadig fleire småbarnsfamiliar som tek kontakt. Kundane deira anbefalar Reto Reinhald vidare til naboar og andre kjende, og fram til no er det nesten utelukkande slik dei har fått seg nye kundar og oppdrag.

 

No ønskjer dei å få fram tilbodet om boning ytterlegare. Karina trur ikkje så mange er klar over at dei kan tilby dette. Reto Reinhald har heller ingen begrensingar på kor stort oppdrag dei kan ta på seg. Det er berre å ta kontakt med Karina, så finn ho ei løysing som fungerar for begge partar.

Tlf: 916 31 884

E-post: reto@enivest.net

reto reinhald logo
  • Facebook
  • Instagram