hyllestad.info logo.png
Salbu og Øen Vel

Salbu og Øen Vel vart etablert i 2015 då Hyllestad kommune kjøpte Salbu vassverk. Laget består av omlag 20 husstandar.

 

Medlemmane ønskte å bruke midlane til noko fornuftig, eit symbol og eit minne. Valet blei eit lysthus og etter avstemming vart det plassert i Salbu - krysset. Den nye lokale møteplassen.

Lysthuset med grill vart sett opp på dugnad av medlemmane i laget, og i 2017 stod den ferdig. 

Lysthuset kan ein sjå frå vegen og ein kan parkere like ved. Hytta er tilrettelagt med rampe for dei som sit i rullestol eller har barnevogn. Lysthuset er på 16 kvadratmeter med sitteplass til 25 personar. Ein ypperleg plass for både store og små, men på grunn av allergi får våre firbeinte vener ikkje kome inn. 

 

Ta kontakt med leiar eller nestleiar om du ønskjer å leige grillhytta. Hytta kostar 100 kroner å leige uansett om du er ein person eller ein gjeng på 25. Salbu og Øen Vel tykkjer det er fint om hytta blir brukt. Det er tross alt det den er til for!

Kontaktinformasjon:

Leiar Gunn Tonning Albertsen

Tlf: 478 53 814

 

Nestleiar Jan Erik Halland Hatlem

Tlf: 416 71 699