hyllestad.info logo.png

Sigrunn & Anders

På Løland, mellom Leirvik og Lavik, finn du huset og garden til Sigrunn Østerbø og Anders Lorentzen.

Sigrunn er oppvaksen der, og har stort sett budd der heile livet. Ho er einebarn, og sjølv om foreldra oppmoda henne til å ta utdanning og å gå sin eigen veg, følte ho likevel eit ansvar og ein plikt til å busette seg på garden.

Sigrunn gjekk på skule i Førde og budde også ein periode i Bergen for å jobbe. Ho bygde etter kvart hus like ovanfor huset og garden til foreldra. Ho jobba fleire år i Televerket, vikarierte på lensmannskontoret, på ulike etatar i kommunehuset, og fekk etter kvart fast jobb på sosialkontoret i kommunen. Ho fekk to barn med sin dåverande ektemann og kjente på at det var trygt og godt å bu i Hyllestad. Nærleiken til foreldra betydde mykje for Sigrunn og familien.

Anders kjem frå Harpefoss, ein liten plass midt i Gudbrandsdalen. Han er oppvaksen ved elva, skogen og fjellet, i ein familie som var veldig glad i naturen. Dei hadde bærproduksjon og hagesenter med anleggsgartnartenester. Etter vidaregåande byrja Anders å studere skogbruk og utmarksforvaltning. Han skjønte at det kunne bli vanskeleg å få seg jobb og valde difor å bygge på utdanninga si med samfunnsplanlegging og offentleg forvaltning på Lillehammer.

 

Medan han gjorde det kom han over ei ledig stilling i Hyllestad kommune som skogfunksjonær. Han søkte på jobben og vart innkalla til jobbintervju. Han minnast at han opplevde vegen til Hyllestad som frykteleg lang. Det var sludd og tåke, han såg lite av landskapet, og vegane vart berre smalare og smalare. Men han kom fram til slutt, fekk jobben og takka ja.

Helga før han skulle byrje bestemte han seg for å køyre rundt i kommunen for å bli kjent. Denne gongen var det ikkje tåke, men det finaste sommarveret du kan førestille deg! Han køyrde rundt i rein fryd, stoppa forskjellige plassar, fiska seg middag og berre naut naturen. Anders har alltid vore glad i natur og hadde frå før ein ekstra fascinasjon av Vestlandet. Den helga og sommaren var magisk vakker, ein start han aldri gløymer.

Planen til Anders var aldri å bli verande i Hyllestad noko særleg lenge. Han trong jobberfaring og ville ha det som eit springbrett vidare i karrieren. Men den planen gjekk fort i vasken. Han møtte nemleg Sigrunn i kantina på kommunehuset og på øvingskveldar i Hyllestad musikklag. Det vart kjærleik ved første blikk.

To år seinare fekk dei dottera Vilde, og året etter gifta dei seg. Men i 1999, to år etter bryllaupet, døydde foreldra til Sigrunn med berre eit halvt års mellomrom. Utan å ha vore so mykje involvert i gardsdrifta, vart no plutseleg Sigrunn og Anders mjølkebønder over natta. Det var krevjande, men dei kom seg styrka ut av det, ikkje minst takka vere ordninga med kommunal avløysar og nokre hjelpsame bønder.

Sigrunn jobba då på sosialkontoret som sakshandsamar. Ho hadde veldig mange ulike typar oppgåver, som ho likte og syntes var interessante, men ho ønskte å styrke seg fagleg og få formell kompetanse. Ho fekk difor veldig lyst å ta utdanning som sosionom. Kommunen la til rette for at Sigrunn kunne ta denne utdanninga, og hausten 2000 starta ho på deltidsutdanning over fire år på høgskulen i Oslo.

 

Det var nokre «heftige» år der ho nokre veker måtte pendle med buss til Oslo, samstundes som ho jobba 50 prosent i kommunen, var småbarnsmor og eigde gard i tillegg. Ho er glad for at ho hoppa ut i det og gjorde det, og ho er takknemleg for at kommunen la til rette og hjelpte henne slik at ho fekk ta den utdanninga ho ønska, ein vinn-vinn-situasjon. Anders opplevde og at kommunen hjelpte han då stillinga som skogbrukssjef i kommunen vart fasa ut. Då fekk han tilbod om jobb som lærar innan naturfag og samfunnsfag medan han tok pedagogikk i Bergen.

I dag jobbar Sigrunn som rådgjevar på Nav Hyllestad og Anders framleis som lærar, men for vaksne framandspråklege, ein ny erfaring som han likar.

Dei trivast godt med livet dei har i Hyllestad. Som barn er det ein flott og trygg plass å vokse opp. Du vil og kunne ha ein større moglegheit for å bli sett og høyrd her. Sigrunn og Anders er, og har vore, veldig glad i kulturskuletilbodet i kommunen. Det er lett å fokusere på det som ikkje er her, og ein kan alltids ønske at ting var annleis, men når ein bur her må ein heller fokusere på det som faktisk er her av tilbod og nytte seg av dei, og gjere det beste ut av det som er her i regionen.

 

For ein må sjå litt ut over kommunegrensene også, avstandane er ikkje så store, kanskje mest «oppe i hovudet». Og som innbyggjar i Hyllestad kommune kan du få innflytelse og påverknad i samfunnet, men då må ein først gidde å engasjere seg. Ikkje sitte på sidelinja å klage.

No har ikkje ekteparet lenger gardsdrift med dyr, men dei har framleis store område å ta seg av. Dei har opna opp naturressursane sine og gjort dei tilgjengelege for andre som ønskjer å ta del i og oppleve den vakre naturen her.

Det begynte med utleige av huset på garden til turistar. Dei minnast så godt ein gong det kom to hardbarka MC-syklistar frå Tyskland som hadde behov for overnatting. Dei kom inn på garden der Anders stod og jobba. Der hadde katten nyleg fått kattungar og Anders spurde om dei ville halde ein. MC´arane i tungt lær hadde aldri halde ein kattunge før og fekk seg sitt livs oppleving. Dagen etter tykte dei det var underleg at på den tida dei hadde ete frukost hadde det ikkje kome ein einaste bil. Tenk å kunne ha det så naturskjønt og fredeleg rundt seg! Slike opplevingar og historier må ein ta til seg, dei er tankevekkande. Vi har det utruleg flott her, men tek det gjerne litt for gitt.

No leiger Sigrunn og Anders ut gardshuset til arbeidarar på Havyard, medan skogen med tømmer og hjorteløyve brukast til hogst og jaktturisme. Det er herleg å sjå andre folk nyte og oppleve naturen og områda dei har rundt garden. Og det er fantastisk å sjå når jegerar kjem frå utmarka, sveitte og sletne, men med eit lykkeleg smil om munnen.

Tanken om utleige til turistar er fortsatt der. Huset dei har på Øyna er pussa opp og vart klart for utleige i 2020. Jegerar som kjem no på hausten kan få moglegheit til å bu der, men det er ikkje berre jaktturistane Sigrunn og Anders ønskjer skal nytte seg av huset. Dei vil at «vanlege» turistar, gjerne familiar, kan få vere der ei veke eller meir om sommaren. No i sommar ferierte faktisk yngstedottera deira i huset på Øyna. Ho studerer til vanleg i Oslo og har før det reist mykje rundt i verda. No ville ho ta med seg nokre venar slik at også dei fekk oppleve naturen og stillheita ein får her.

Dei siste åra har dei brukt mesteparten av fritida si på å gjere ferdig huset på Øyna. Elles jobbar Anders og mykje på garden og seier at jobb og fritid går litt i eitt for han. Men det er ein ting dei gjer felles kvar tysdag; dei spelar i korpset Fjordbrass i Lavik. Dei held lokale konsertar, og deltek i NM og andre konkurransar. Når dei får spele musikk har dei det kjekt, ekstra kjekt er det at dei har dyrka korpslivet saman i så mange år, både i Hyllestad og i Lavik.

Ein annan ting dei gjer i lag, så ofte som mogleg, er å reise til Bergen. I Bergen bur to av borna, samt seks barnebarn. Nokre gonger bookar dei seg inn på hotell og koser seg med show og restaurantmat. Dei likar det yrande livet i byen, og kvar sommar reiser dei alltid til storbyar nord i Europa, aldri til «syden». I fjor var dei mellom anna på interrail til London, noko dei kjem til å gjere igjen.

Men det beste med å reise? Det er å komme heim igjen. Ingenting er betre enn å køyre ned Lavikdalen og utover slettene og evt. sjå solnedgangen. Då veit dei at dei er komne heim.

Ein må faktisk ut for å sjå kva ein har heime, avsluttar Sigrunn og Anders.

"Ingenting er betre enn å køyre ned Lavikdalen og utover slettene og evt. sjå solnedgangen. Då veit vi at vi er komne heim"

Hyllestad.info er utvikla av Hyllestad kommune | Send epost  | Ring 57 78 95 00

  • Facebook - Hvit Circle
  • Instagram - Hvit Circle

Følg, lik og del!  #hyllestadinfo