hyllestad.info logo.png

Sissel & Atle

Atle Paul Lerpold (fødd 1944) kjem frå Smilla i Hyllestad. Sissel Førsund Lerpold (fødd 1943) vart fødd i Drammen, men budde sine fyrste år i Fana før mor og far hennar flytta til Leirvik i Hyllestad. Her bygde far til Sissel opp eit stort gartneri som han dreiv.

 

Skuleåret 1964/65 var Atle lærar på framhaldskulen i Leirvik og på ein fest på Lavikdalen 2. juledag traff Atle og Sissel kvarandre for fyrste gong, og etter det heldt dei kontakten. Sissel gjekk då på skule på Voss og var berre heime i jula og påska, så det passa fint at Atle starta militærtenesta si på Voss utpå våren. Etter Voss reiste dei saman til Kristiansand der Atle begynte på engelsklinja på lærarskulen, medan Sissel jobba som modellsyerske på ein drakt- og kåpefabrikk.

 

Etter 2 år i Kristiansand fekk begge jobb på Møre og var klar for å flytte dit.  Men brått døydde far til Atle så han måtte flytte heim til mor si i Smilla. Sissel vart og med heim og byrja å jobbe litt i gartneriet til familien. Atle fekk tilbod om jobb på skulen i Lifjorden. Han takka ja til den, og året etter gifta Atle og Sissel seg. 

 

Men Atle hadde veldig lyst til å jobbe på ein ungdomsskule, noko som ikkje var etablert i Hyllestad på den tida. Samstundes ville han ikkje flytte langt vekk frå mora som no var enke. Han søkte jobb på ungdomsskulen på Hardbakke i Solund og der fekk Sissel også jobb. Der budde han og Sissel i fire år før dei flytta vidare til Byrknes. I denne perioden, t.o.m. 1974, brukte Atle, saman med eldste broren som og var lærar, 2 veker av sommarferien til drivgarnfiske etter laks vest om Utvær. Spanande og minnerik tidsbruk!

 

Eldste sonen, Paul Atle, kom til verda medan dei var på Hardbakke, og yngstemann, Sigve, medan dei var på Byrknes.

 

Etter seks kjekke og lærerike år på Byrknes gjekk turen vidare til Dalsøyra for Atle. Mor til Sissel døydde så ho flytta heim for å hjelpe faren i gartneriet. Atle hadde hybel på Dalsøyra, men var heime i Leirvik ein gong midt i veka og i helgane. Etter ei tid fann dei ut at dei ville bygge hus i Leirvik. Sissel hadde allereie fått seg ei fin tomt og ho vart «byggmeister» då Atle var på jobb på sørsida.

 

Etter å ha budd på Dalsøyra i 2 ½ år, fekk Atle seg jobb som rektor på Øen skule. I juni 1980 stod huset i Leirvik ferdig og familien fekk endeleg flytte inn. I 1984 byrja Atle som lærar på Hyllestad skule der han 2 år etter vart rektor. Den stillinga vart han verande i til han gjekk av med pensjon.

Sissel hadde lyst til å starte eigen blomsterbutikk, så Atle og Sissel var ein av initiativtakarane til å bygge Leirvik Senter. I 1986 stod bygget ferdig og Sissel flytta inn med blomsterbutikken sin. På senteret var det eit yrande liv med fleire butikkar, post, bank, frisør og kafe. Sissel dreiv blomsterbutikken på senteret i 15 år og minnast ei veldig kjekk tid. Etter at ho slutta med butikken jobba ho som assistent og formingslærar på Hyllestad skule til ho gjekk av med pensjon.

Dei er glad Hyllestad har New Havyard Ship Technology som genererar ein del arbeidsplasser, og tykkjer det er bra at det vert starta opp nye bedrifter. Dei ser at det er ei positiv utvikling i næringslivet, då spesielt innan havbruk. Atle og Sissel er og glade for og imponert av alt som har vore og vert gjort av arbeid i Kvernsteinsparken!

 

I barndommen måtte dei finne på ting sjølv, det var ikkje slik som no der det meste er tilrettelagt med fritidstilbod. Atle var oppvaksen på gard med kyr og sauer, så om sumaren var han mykje i fjella for å sjå til dei. Han likte seg godt i fjellet, og det er særskilt eitt fjell i Atle sitt hjarte som skil seg ut, som han kallar «mitt fjell», det er Lifjellet. Her har han og Sissel vore mange gonger og Atle har utforska det ned til minste detalj. Han har vore både turleiar og guide her, men han skulle ynskje at det var gjort meir ut av fjellet. «Her er det mange moglegheiter» seier Atle. Ein jaktkamerat låg ein gong på eit utsiktspunkt og såg på hjortelivet i Portemarka. Om kvelden ringde han til Harry (Porten) og sa: I dag låg eg oppe på Stokkedalsfjellet og såg inn i PERLEPORTEN!

 

Elles har dei vore mykje på sjøen og besøkt mange ulike stadar. Den største opplevinga for Atle var då han reiste med seglbåt til Shetland. Det var ein heilt fantastisk og herleg avslappande tur. I fjor reiste Atle tilbake til Shetland, denne gang saman med Sissel. Han ville syne ho eit hus han hadde besøkt fyrste gongen han var der, det eldste huset i Leirwik på Shetland. Ved huset låg det fleire kvernsteinar, og det er ikkje usannsynleg at dei kom frå Hyllestad. Atle og Sissel er glade i bilturar og likar å køyre stadar dei ikkje har vore før. Det vert og nokre bilturar til austlandet på besøk til barnebarna. Dette tykkjer dei er ein fin måte å oppleve Norge på.

 

Dei likar seg utandørs og prøver å halde seg i aktivitet so mykje dei kan. Sissel si interesse for hage og blomar har ikkje slutta. Og om sommaren brukar ho mesteparten av tida si i hagen. Atle har vore engasjert i idrett og var leiar for Hyllestad Idrettslag i nokre år, og han var med å skipe Solund Idrettslag som i år feirar 50-årsjubileum. Han har vore både turleiar og reiseleiar for pensjonistar. I omlag 10 år var han med i styret i Naf-avd. Fjordane og Ytre Sogn, dei siste 5 åra som leiar. Avdelinga jobba mykje med trafikksikkerheit og engasjerande aktivitetar for ungdomar, og blei kåra til årets avdeling i 2010. Sissel var med å skipe seniordans i Hyllestad og har vore med som danseinstruktør heilt sidan oppstarten.

 

Det var tilfeldigheiter som gjorde at dei flytta heim og etablere seg i Hyllestad. Men dei har hatt eit godt liv her og dei trivast fortsatt veldig godt.

«Ein har alt ein treng her»