hyllestad.info logo.png

Leiar:

Eva-Karin Nordal Inderøy

  • Facebook

Skifjorden Grendalag vart etablert i april 1991 og held til i gamleskulen i Skifjorden. 

Skulehuset er gammalt og krev ein del vedlikehald, dette vert gjort av grendalaget. Her har dei møta sine, arrangerar 17. mai, tenner julegran og har basar og mykje meir. 

Huset har eige kjøkken og det kan dekkast til om lag 50 personar så ein kan leige huset til selskap for til dømes konfirmasjonar og bursdagsfeiringar. I framtida ynskjer dei å få på plass eit handikaptoalett og vil søke om støtte til dette.

 

I tillegg til utleige av gamleskulen jobbar grendalaget aktivt med å oppretthalde- og å merke turstiar i området. Nokre av desse stiane er ikkje med på trimgruppa i Hyllestad sitt opplegg men er godt merka, heilt frå hovudvegen, av Grendalaget. Nokre av stiane har fastmonterte kart /skilt. 

Elles jobbar dei med å «grave fram att» gamle og til dels tilgrodde stiar.

 

Laget driv og med kanoutleige i vår- og sommarmånadane og har til saman 8 kanoar. Desse ligg  ved Langesjøen, Teigevatnet og Seljevollstjørna, 2 kanoar på kvar plass. Kanoane skal merkast med vippsnummer for leige, og pris vil verte å sjå på oppslag på kvar plass, eller på Facebooksida deira. Har og vogn til leige slik at ein kan frakte med seg kanoar til andre plassar. Ta kontakt med Skifjorden Grendalag om du ynskjer å leige. Kanopadling i desse områda gjev deg ei fantastisk naturoppleving!

 

Skifjorddagen er eit anna arrangement dei jobbar mykje med. Dette går av stabelen kvart år på kaia på Bjørnestad og her kan du vere med på sjørøvartokt, fly med sjøfly, sjå på ulike utstillingar, kjøpe deg ein kaffikopp med noko attåt og mykje meir.  Tilbod og aktivitetar varierer frå år til år.

Skifjorddagen byr på mykje moro for både store og små!

Tilboda Grendalaget gjev er for at dei lokale skal ha ein samlingsplass og ein stad å vere, om ein til dømes ikkje har høve til å ha ulike arrangement heime. Vedlikehald av turstiar er veldig kjekt og bidreg til at folk lettare kan komme seg ut på turar i nærområdet.

 

Skifjorden Grendalag strevar litt med å få folk med seg, så har du lyst å vere med er du hjarteleg velkomen!

Ta kontakt med dei på Facebook: Skifjorden På Langs – eit streif av ro