

-Vilt, vakkert og heilhjerta-
Rolf Risnes tok over familiegarden på Bjørnestad i Skifjorden i 2016. Han ser det som si plikt å sørge for at garden vert overlevert til neste generasjon i betre stand enn når han tok over. Men tradisjonelt landbruk var ikkje noko alternativ, då Rolf har jobb og familie i ÅS kommune i Viken fylke.
Rolf måtte finne ut kva han ville gjere med garden. Når han drar på jakt, får han alltid mykje tid til å filosofere over livet, og saman med kompisen, Håvard Bjørnestad, dro han opp til jakthytta på garden for å gjere akkurat dette. Det viste seg å vere lurt, for etter å ha kome ned att frå fjellet var det bestemt at familiegarden skulle bli bygd om til eit bryggeri.
Ølbrygging var på det tidspunkt ein populær marknad i vekst. Det var stort fokus på å bevare gamle tradisjonar og kultur. Uansett kor du er i landet og kven du snakkar med kan ein alltid få til ein samtale rundt øl.
Rolf hadde starta opp bedrifter tidlegare, så han visste kva han gjekk til.
Dei sette seg ein kort tidsfrist der dei måtte tenke på namn, profil, øltypar og flasker. I starten gjekk alt manuelt. Dei tappa ein og ein flaske og satt på etikettane sjølv. Og allereie november 2016 hadde dei den første ølsmakinga.
For Rolf er det viktig å gje noko tilbake til bygda han har vokse opp i. Han har hatt ein trygg og god oppvekst og har berre gode minner frå Skifjorden. Han elskar å komme heim og berre nyte naturen og friheita som er i Skifjorden.
Målet er å kunne skape arbeidsplassar og aktivitet i Skifjorden. For å få det til er det viktig å levere kvalitet i alle ledd.
For utanom Håvard fekk Rolf med seg tre tidlegare kollegar i Oslo, deriblant to designarar og ein erfaren bryggar. Saman utvikla dei første øl-typane som fortsatt er i handel.
I dag satsar dei ein del på kveik og tradisjonsøl. I eldre tider brygga mange bøndene øl på kveik. Kveik er rett og slett gjær som har levd på gardar – spesielt på vestlandet. Ein heilt unik gjær som har vorte svært populær hjå bryggerier også utanfor Noreg. Det ligg mykje historie og tradisjonar, noko Skifjorden Bryggeri vil vidareføre i øla sine.
Dei likar å eksperimentere og tenkje litt utanfor boksen. Eit døme på dette er «Vågestykke». Ein øl der dei oppfordra folk til å plukke bær frå eigen hage og donere til dei. Det endre opp med eit øl med bær frå meir enn 10 ulike hagar i Hyllestad.
Skifjorden Bryggeri ønskjer å vise fram det vakre Hyllestad har å by på. Det gjenspeglar seg i designet, val av ingrediensar og namn på ølsortane. Hadde Rolf hatt moglegheit hadde han flytta heim på dagen. Det er kanskje grunnen til at ølsortane har namn som «Heimatte», «Heimlengt» og «Heim til jul».
Rolf tok med kollegaene sine i Oslo på jobbtur for å teste Skifjorden som turistområde. Han brukte ein dag på å lage eit opplegg for 32 personar. Dei tok fly til Bergen og fekk leigd MS Atløy som køyrde dei inn til Skifjorden. Dei hadde sjøfly og ribb. Matglede pakka lokalmat i esker og leverte, dei fekk leigd hytter rundt omkring og hadde dagstur til Alden. Det var ei oppleving som ikkje blir gløymd!
Det er slike unike og spesielle opplevingar Rolf vil at folk skal få oppleve. Han er frykteleg glad og stolt over bygda.
Rolf håpar og trur at Covid-19 har gitt oss ei skikkeleg lærepenge. Når ting forhåpentlegvis kjem til normalen igjen, so trur han folk har fått litt meir å tenkje på. Kulturen og maten i Noreg er forbindelsen til alt. Korona har gjort oss sårbare og vi har blitt flinkare til å støtte kvarandre. Han er heilt sikker på at ein dag vil Skifjorden og Hyllestad bli lagt endå meir merke til. Her kan du få oppleve Noreg på sitt aller beste; vilt, vakkert og heilhjerta!