Ingemar Nordstrand frå Hyllestad brukte mykje av tida si på gamle, attgrodde vegar og hadde i mange år jobba for å få fram att verdien av dei. Ein av desse var Den Trondhjemske postvei som vart bygd sør-nord gjennom fylket på slutten av 1700-talet.
På byrjinga av 90-talet kalla Ingemar inn til eit møte med innbyggjarane i Skor. Han ville restaurere kvernhusa og brua før den offisielle gjenopninga av Den Trondhjemske postvei og spurde etter materiale og dugnadsånd.
Kvernhusa og brua var i svært dårlig stand og det såg ganske håplaust ut. Det var få, om nokon i det heile, som deltok i møtet som hadde trua på at dette ville bli klart til opninga. Men Ingemar fekk det til, og det skal han ha all ære for. Det er imponerande og nesten ufatteleg å sjå tilbake på alt han fekk til.
Det var i forbindelse med denne opninga at Skor grendalag vart etablert. Før det vart grendalag, heitte det Skor grunneigarlag. Dette var ein interesseorganisasjon for grunneigarane i Skor, og vart skipa 24. februar 1993.
Grunneigarlaget hadde felles opning av kvernhusa 26. juni 1993. Sigmund og Jørunn Holten har vore aktive i laget sidan det vart stifta for snart 30 år sidan, og har mange flotte minner å sjå tilbake på.
Etter opninga av kvernhusa, vart det stor interesse og nysgjerrigheit rundt desse. Heilt til no nyleg har Sigmund hatt omvisningar for nærliggande skular og barnehagar. Han tykkjer det er veldig kjekt at dei som no er vaksne, kjenner han att og hugsar omvisinga han ga dei som skuleelevar. Det betyr at det har gjort inntrykk - noko han set stor pris på. Både han og kona Jørunn har brukt mykje tid på dette, men det tykkjer dei det er verdt.
I 2002 endra grunneigarlaget namn til Skor grendalag, noko som medførte større interesse rundt laget. I tillegg til grunneigarane, fekk dei mange hytteeigarane i Skor no moglegheit til å verte medlemmar. Hovudoppgåva til Skor grendalag er å vedlikehalde kvernhusa og Skor grendahus (skulehuset, på folkemunne), samt søkje midlar til dette.
Å søkje om midlar til vedlikehald er ikkje enkelt. Mykje fordi dei ikkje har oppretta organisasjonsnummer. Dei håpar det betrar seg, når dei får dette på plass. Elles arrangerer dei basarar og prøver å få inn grasrotmidlar slik at dei kan dekke straum og liknande utgifter.
No jobbar dei med å rydde i postvegen, og til sommaren vil dei lage til ei badestrand ved Markhusvatnet. Her vil medlemmane få mogelegheit å leige kano etter kvart. Elles har grunneigarane fiskerett i vatnet, og fram til no har hytteeigarane og fått lov til å fiske frå båt og land. Men frå nyåret må dei få på plass klarare reglar rundt dette.

Dei har i dag 20 betalande medlemmar, og alle som vil er velkomne til å verte medlemmar. Laget har ei side på Facebook der dei legg ut referat frå møter og anna nyttig informasjon. Kvart år har dei jonsokfeiring ved brua og saghuset. Her har og Hyllestad jakt og fiskelag mykje aktivitet, mellom anna årleg fiskekonkurranse for born og unge. Gudsteneste har dei og hatt der. Området kan med andre ord brukast til mykje.
Skor grendahus vert mykje brukt til bursdagsfeiringar for både unge og vaksne. Det vert og leigd ut til hjortejegarar med løyve i området slik at dei kan opphalde seg der under jakta. Huset er det kommunen som eig, men Skor grendalag har leigeavtale mot at dei står for alt vedlikehald.
Huset var i særs dårleg stand, og det er lagt ned mykje dugnadsarbeid her opp gjennom åra. Huset har vore gjennom eit stort vedlikehald der alle vindauge vart skifta, i tillegg har dei har fått innlagt vatn og toalett, samt internett. No nyleg har dei fått opp eit nytt uthus. Grendahuset er ofte i bruk, og kvar månad er det strikkeklubb som alltid har bra oppmøte. Fjaler og Hyllestad quilteklubb leiger huset ein gong i månaden.
Ein ting dei har på agendaen no, er å få opp ein informasjonsplakat ved kvernhusa som fortel kvar gjesteboka ligg. Den ligg i det nedste kvernhuset, men det er det ikkje så mange som er klar over. Det er kjekt om folk vil skrive seg inn når dei har vore på besøk. Ekstra stas er det at sjølvaste Dronning Sonja skreiv seg inn i gjesteboka den 25. juni 2017, då ho var på «hemmeleg» besøk for å sjå på kvernhusa og brua!
Kontakt:
Leiar: Kåre Olav Hatlebrekke
Tlf: 91356149

Foto: S.Holten 26.06.93