

Skor Skyttarlag vart stifta i 1948. Den gang heldt dei til i Skor, men etterkvart starta folk der med nydyrking og det vart vanskeleg å kombinere dette med skyttarlaget sine aktivitetar. Steinar Solheim tok kontakt med skyttarlaget og tilbaud dei å leige område for skytetrening på Øveråshøgda. Dette var i 1988 og leigeavtala gjeld til 2038.
Plassen vart godkjend som skyteområde av Sogn politikammer. Den ligg ideelt til med tanke på støy då den er skjerma frå alle kantar.
På denne tida var det berre ein sti opp til skytebana og der var heller ingen fasilitetar. Det fungerte fint, men førte og til ein del utfordringar.
Forsvaret har brukte bana til skytetrening fordi det var einaste bana i regionen som var godkjent av forsvaret. I år 2000 vart det sett i gong eit stort dugnadsarbeid. Alfred Yndestad brukte fem dagar på å lage veg heilt opp, på toppen fekk dei bygd eit klubbhus. No kunne dei ligge i ly medan dei hadde skyting. Itillegg vart det eit krav til at oppskytinga til storviltprøven skulle foregå frå overbygd standplass.
Skor Skyttarlag har i dag omlag 64 betalande medlemmar og dei er tilslutta DFS (Det Frivillige Skyttervesen). Flesteparten av medlemmane er jegarar og dei har god fordeling både i kjønn og alder. Eldste skyttaren deira er over 80 år.
Skytebana som er eigd av Skor Skyttarlag, har vorte ein samlingsplass for heile familien og ein ser ofte både mor, far og borna deira på trening. Mange trur at ein må vere fysisk sterk for å halde eit gevær, men rett skytestilling og reimbruk gjer at musklar og god kondisjon ikkje er det viktigaste for å lukkast som skyttar. God konsentrasjonsevne og psykisk styrke er det som er avgjerande for eit godt resultat.
Skyting er ein spennande og konkurranseprega hobby. Hjå Skor Skyttarlag er det gode miljøet i fokus. For dei er det viktig at alle får plass og moglegheit til å utvikle seg uansett prestasjonar. Deira oppgåve er å lære den norske mann og kvinne våpenbruk.
Dei har ein sosial og god tone og mange av dei har vorte gode kompisar gjennom trening og dugnadsarbeid gjennom åra. Fleire av medlemmane har hatt både besteforeldre og foreldre som tidlegare har vore aktive i skyttarlaget.
Hjå Skor Skyttarlag er alt basert på dugnadsarbeid. Dei har ikkje elektronisk skyteanvisning og for å få skyte treng dei ein standplassleiar, ein skrivar og to anvisarar. Dei har trening onsdag og søndag i sesongen. Dei har lov til å ha skytetrening i jaktsesong, men av respekt til dei som jakter i området har dei ikkje skytetrening då.
Skytetrening er ein nødvendigheit for jegarar. Før kvar jaktsesong må alle ha minimum 30stk. treningsskot, og dei må ha godkjent storviltprøve før dei får gå på jakt. Skyttarlaget arrangerar om lag 14 skytedagar i året. Dette inkluderar lagmeisterskap i baneskyting på 100 m. og feltskyting samt treningsskyting inn mot storviltprøve. Du må ha ei genuin interesse for å drive med skyting, og vere villig til å ofre det som trengs av tid og pengar.
Om du ønskjer å verte medlem kan du ta kontakt med leiar eller gå inn på DFS si heimeside. Der finn du laget ditt og kan melde deg inn.