hyllestad.info logo.png

Hyllestad Skule ligg midt i kommunesenteret Hyllestad og er ein 1-10 skule. Før skulen stod ny i 1973 var det skular i mange av grendene i kommunen. I 1993 vart Åfjorddalen - og Skifjorden skule lagt ned og til sist Øen og Leirvik skule i 2002. Då var det vedteke at alle skulane skulle samlast til ein - på Hyllestad. 

 

I starten var 1. -3.kl. lokalisert i Prestefjæra (der Hyllestad barnehage held til i dag). Det vart mykje springing for dei tilsette som underviste og hadde tilsyn i begge bygga. I 2013 vart endeleg alle elevar og tilsette samla under same tak. I dag har skulen ca. 115 elevar og 26 tilsette. 

 

Kristin Eimind tok til i jobben som rektor i 2018. Ho er oppteken av at elevane skal ha eit trygt og godt skulemiljø, at undervisninga er god og variert, og at elevane opplever at dei har medverknad. 

Kristin er ofte i møter eller på farten, og er derfor avhengig av sakshandsamar og spes.ped.koordinator som jobbar ilag med ho i administrasjonen. Det er viktig å alltid ha ein person på kontoret som er tilgjengeleg for folk og tek telefonen når den ringer. Det gir ein tryggleik for dei tilsette, elevane og foreldra.  

Skulen er heldig som har eit stort nærmiljø som kan nyttast til å variere undervisninga. Eit døme her er Kvernsteinsparken som dei samarbeider tett med. Her har 7. kl. undervisning ein halv dag for veka gjennom store deler av skuleåret. Dette samarbeidet er skulen stolte av, mellom anna fordi det handlar om lokal identitet.    

 

Undersøkingar og statistikk syner at elevane sitt læringsutbytte er godt, og at trivselen ved skulen er bra. Skulen arbeider systematisk og utan avbrot for at alle elevar skal ha det trygt og godt. Her er elevrådet ein viktig bidragsytar. Skulen er også i gang med eit prosjekt der dei får hjelp frå eksterne rettleiarar som kjem inn og ser på korleis ein driv bl.a. utviklingsarbeidet. Saman med dei tilsette kjem dei fram til utviklingsmoglegheiter. Dette styrkar miljøet og utviklar skulen sidan ein jobbar ilag om felles og kjente mål. 

Kari og Kristin ønskjer elevane velkommen til nytt skuleår

Størstedelen av det ein driv med på Hyllestad skule er sjølvsagt undervisning. Til hausten tek ein i bruk ny læreplan som Kristin trur blir veldig bra. Her skal ein jobbe meir temabasert, med medmenneskelege ting og ha fokus på livsmeistring. Det viktigaste er likevel å finne ein måte å drive skulen på slik at elevane har det trygt og godt. Til hausten skal skulen arrangere friluftsveke slik at elevane får meir kompetanse i gamle tradisjonar, hausting og friluft. Dei er også i startgropa av å utvikle eit betre uteområde slik at ein får meir utstyr og fleire aktivitetar å velje i når det er friminutt. Kristin er veldig positiv til Hyllestadhallen som har gitt både dei tilsette og elevane mykje glede.  

 

Utanom ordinær skuletid tilbyr skulen sfo (skulefritidsordning) før og etter skuletid kvar vekedag, samt full dag onsdagane. I tillegg får elevane i 6.-9. kl. tilbod om leksehjelp to ettermiddagar kvar veke. 

Skulen sin visjon: Gjere for å lære - saman i trivsel og tryggleik!

Kontaktinformasjon:

Rektor Kristin Eimind, telefon: 577 89 553,

e-post: kristin.eimind@hyllestad.kommune.no

Sakshandsamar Kari Virkesdal, telefon 577 89 551,

e-post: kari.virkesdal@hyllestad.kommune.no

  • Facebook

Hyllestad.info er utvikla av Hyllestad kommune | Send epost  | Ring 57 78 95 00

  • Facebook - Hvit Circle
  • Instagram - Hvit Circle

Følg, lik og del!  #hyllestadinfo