Hyllestad Skulemusikk er eit korps med brassbesetning der du kan spele kornett/flygelhorn, horn, baryton/euphonium, trombone, tuba eller slagverk. Alle frå 3. klasse og oppover kan vere med, og det er ingen øvre aldersgrense.
Korpset samarbeider med skulen om eit prosjekt som vert kalla "Korps i klasserommet", noko som betyr at alle som går i 3. klasse kan få prøvd seg i ein månad. Om dei har lyst til å fortsetje kan dei starte som aspirantar i korpset.
Korpset kjøper instrumentalopplæring og dirigenttenester hos kulturskulen. Reidun er lærar i kulturskulen og har jobba med opplæring på messinginstrument og som instruktør i korps i 25 år. Som dirigent planlegg og finn ho songar, oppmuntrar til øving og lærar musikantane om samhald.
I korpset lærer du å spele eit instrument og du lærer å spele saman med andre. Når du byrjar i korpset kjem du inn som aspirant og det fyrste du får utdelt er ein hageslange for å øve deg på blåsing. So får du ein kornett. Denne skal du spele på det fyrste året som aspirant. Når du er ferdig som aspirant vert du junior og kan prøve nokre av dei andre instrumenta om du heller ynskjer å spele på dei.
Korpset har øving kvar måndag frå kl.15 - 17. Aspirantane øver etter skuletid på tirsdag. Juniorane er med ein time på korpsøvinga på mandag, og har speletime på tirsdag. Alle i korpset som ynskjer det kan også ta speletimar i kulturskulen.
På øving kjem det veldig ofte nye notar og songar slik at musikantane får utfordre seg og utvikle seg vidare. Det er stor variasjon i kva dei spelar og det er lov å komme med forslag til dirigenten. Men til 17. mai og juletider har dei nokre faste «slagera» dei må øve på. Det blir jo ikkje skikkeleg 17. mai før korpset spelar «Ja, vi elskar».
Dei som spelar i korps gjer det fordi dei synast det er kjekt. Det er god stemning innad i korpset, det er sosialt og dei får moglegheit til å reise rundt i fylket å spele. Dei har mellom anna vore på samlingar og på seminar. På slike arrangement vert dei kjende med andre som spelar i skulekorps, noko dei tykkjer er veldig kjekt.
Reidun spelar sjølv i korps og elskar musikk. Ho tykkjer det er gjevande å få jobbe med musikk og samspel. Å skape musikk i lag med andre gjev ho veldig mykje. Ho legg til at "korps kan gje deg venar for resten av livet. Du kan få betre sjølvtillitt av å meistre eit instrument. Å spele musikk er godt for både kropp og sinn"
.

Om du ynskjer å vete meir om Hyllestad Skulemusikk kan du ta kontakt med dirigent Reidun eller leiar Erna Bråstad. Du kan gå direkte til innmelding på heimesida til Hyllestad og Fjaler kulturskule, trykk her.
I korpset kan du spele så lenge du ynskjer, dei har ingen øvre aldersgrense. Men om du ikkje kan spele eit instrument frå før, må du melde deg inn som aspirant og lære deg å spele eit instrument før du vert ein del av korpset. Kan du derimot spele eit instrument er det berre å møte opp på øving på måndagene
Kontakt:
Leiar Erna Braastad
Tlf: 908 47 982
E-post: erna.brastad@enivest.net
Dirigent Reidun Porten
Tlf: 57 78 95 49
E-post: reidun.porten@hyllestad.kommune.no
https://hfkulturskule.no/korps/