fam.sognnes.jpg
hyllestad.info logo.png

Perly Merete, Trond Magne & Milla

Trond Magne Sognnes (f. 1968) og Perly Merete Sognnes (f. 1974) trefte kvarandre i 1990, og har vore saman sidan. Då dei trefte kvarandre, jobba Trond Magne  i eit entreprenørfirma i Dale og Perly Merete gjekk på skule der. Trond Magne budde då på Sognnes i Hyllestad, der han kjem frå, medan Perly Merete budde i Dale.

 

Perly Merete visste frå ho var ganske ung at det var blomsterdekoratør ho ville bli, men den gong var det lange ventelister på blomsterdekoratørlinja på Moelv. Ho gjekk fyrst tre år på vidaregåande i Dale før ho flytta til Moelv og tok grunnkurs blomsterdekoratør der. Etterpå venta to år i lære i Bergen der ho og tok fagbrev. Medan ho studerte jobba ho heile tida i blomsterbutikken i Dale som ekstrahjelp og ferieavviklar i helger og feriar. Etter læretida fekk ho fast stilling i blomsterbutikken, og har jobba der sidan. I dag er ho ein av to eigarar av Blomstertorget i Dale. 

 

Trond Magne overtok familiegarden på Sognnes i 1991. Samtidig oppretta han maskinentreprenørfirmaet Trond M. Sognnes som enkeltmannsføretak. Bedrifta voks seg større, og i 2006 vart det endra til eit aksjeselskap. Firmaet har i dag fire tilsette. 

 

Det var fyrst i 1997 at Perly Merete flytta inn på garden til Trond Magne. Før den tid hadde det vore mykje pendling for begge mellom Sognnes-Dale, Sognnes-Moelv og Sognnes-Bergen. På Sognnes budde dei i det dei kallar «gamlehuset», medan dei bygde seg nytt hus på tomta ved sida av.

 

For Perly Merete har det aldri vore eit problem å pendle 12 mil kvar dag. Dette var ho førebudd på i lang tid før ho flytta til Hyllestad. Ho seier at det er prisen ein må betale når ein får bu på ein så flott plass som Sognnes. Ho får alltid ei god kjensle når ho kjem heim frå jobb, og tida det tek å køyre brukar ho på å anten trappe opp eller ned frå jobb. 

 

Jula 1999 stod huset til Perly Merete og Trond Magne ferdig. Det er ei jul dei seint vil gløyme. Dei hadde på førehand bestemt seg for at dei ville feire jula i det nye huset saman med familiane sine. Lille julaftan var flyttelasset endå ikkje pakka ut, og huset stod på halv åtte. Dei har aldri fått opp ting på veggane fortare enn den dagen. Men treet vart pynta og julemiddagen blei servert. Det vart ei minnerik jul på fleire måtar, men dei vil ikkje anbefale slike krumspring.

 

I 2009 vart dottera Milla født. Same år avvikla dei gardsdrifta på Sognnes. Trond Magne hadde i lang tid hatt lange arbeidsdagar med å drifte garden og entreprenørfirmaet samtidig. Det blei rett og slett for mykje arbeid i tillegg til alt det andre Perly Merete og Trond Magne dreiv med.

Milla går i dag i 7. klasse og trivast godt på skulen og i Hyllestad. Ho tykkjer det er veldig mange bra tilbod til unge etter skuletid, og likar å bu ein plass der «alle kjenner alle». Perly Merete og Trond Magne er einige, og tykkjer det er bra at kommunen har ein skule der alle borna er samla. 

 

Dei minnast at det ikkje var kjekt den dagen det vart bestemt at barnehagane i grendene skulle avviklast, og alle borna skulle samlast på Hyllestad, men ser no at det var ei god avgjersle. Det er betre for borna å vere samla, og det er meir praktisk at mykje av offentlege tenester er samla på ein plass. Alle er einige om at hallen har vore eit stort løft for kommunen, og i dag er den brukt av heile familien. Spesielt av Milla som brukar den både til handball, dans, song og leksehjelp. 

Med ulike aktivitetar i hallen vert det ein naturleg møteplass for store og små. Perly Merete seier at slike møteplasser er utruleg viktig for å verte betre kjende med kvarandre. Då ho sjølv var ny-innflytt i kommunen, var ho og Trond Magne mykje på kroa i Leirvik. Der var det eit yrande liv og mykje aktivitet både dag og natt. Det var ulike arrangement som inviterte til både dans og musikk. Gjennom desse treffa vart dei kjende med mange av dei som i dag er venene deira.

 

Etter at dei fekk born har dei merka kor viktig det er å ha butikkar i næmiljøet. Når ein fartar rundt er det lett å gløyme kor viktig det er å ta vare på dei tilboda ein har rundt seg. Og ein kan ikkje rekne med at ein har dei tilboda som er her, om ein ikkje brukar dei. 

Både Perly Merete og Trond Magne driv eigne firma, og dei veit kor viktig det er å handle lokalt. Så lenge nærmiljøet har det dei treng av mat, utstyr og klede, så handlar dei aldri på nett. 

 

Alle tre seier dei er heldige som bur slik dei bur, med sjø og fjell som næraste nabo. Dei prøver så godt dei kan å besøke fjelltoppane som er rundt dei, og dei likar å reise på ferie med båten sin. Det er ein aktivitet som heile familien set pris på, og dei har skapt mange gode ferieminner på tur med båten. 

 

Mange vil kanskje sei at dei bur langt vekke frå «der ting skjer». Men slik ser ikkje dei på det i heile tatt. Det er alltid godt å komme heim til rolege Sognnes etter ein hektisk dag på jobb. På Sognnes får ein ei god «fridomskjensle». Dei bur på ein sentral utkant der dei kan komme langt på kort tid.