top of page
hyllestad.info logo.png

SØRBØFELTET

Bu fritt, landleg og stille, men med godene av å bu i eit byggjefelt!

I Sørbøfeltet finn du i dag 14 bustadtomter. Av desse er 6 utbygde, og 8 ledige. 5 av tomtene manglar vegtilkomst. Tomtene som er ledige og klar for sal er tomt 5, 6 og 7.

Tomtestorleik varierer frå ca. 700 – 1800 m2 og kostar 150.000,- + 20,- per m2.

 

Sørbøfeltet ligg på Sørbøvåg, og er eit barnevennleg område med gåavstand til daglegvarebutikk og hamnepark med leikeområde, badeplass og grillhytte.

Sørbøvåg byr på flotte turterreng, mellom anna ligg Sørbøheia i bakkant av feltet. Sørbøvåg er eit glimrande utgangspunkt for fjellturar, fiske, bading, dykking og sykling. Du kan gå rett frå Sørbøfeltet og opp til Sørbøheia der du vil få ein nydeleg utsikt utover Åfjorden, Lihesten og havet i vest.

Tomtene har gode solforhold og har veg, vatn og avløp til tomtegrensa. 

Bli med på ein uforpliktande visning. Her ser vi på tomtar, du kan stille spørsmål, og bli kjend med området.

Kontaktinformasjon:

Gaute Lundeland

Avd. leiar, Plan og utvikling

Tlf: 577 89 529

gaute.lundeland@hyllestad.kommune.no

hyllestad.kommune.no

hyllestad-logo.png

FANTASTISK

UTSIKT

SOLRIKT

OMRÅDE

FLOTTE

TUROMRÅDER

Last ned planføresegner

for Sørbøfeltet

NÆR

BÅTHAMN

bottom of page