top of page
hyllestad.info logo.png
sorbovagbatlag

Sørbøvåg Båtlag vart stifta i 1986. Ved hjelp av god dugnadsånd og hardt arbeid fekk dei bygd hamna som ligg ved Hamneparken på Sørbøvåg. Før den tid var det inga båthamn langs Åfjorden der båtane kunne ligge trygt. Molo og flytebryggjer var det medlemmane i Sørbøvåg Båtlag som bygde.

 

Sørbøvåg Båtlag er ein frivillig, ideell og allmennyttig organisasjon. Dei ønskjer å gje innbyggjarane i Sørbøvåg moglegheit for et aktivt båtliv, basert på naturen sine premisser. 

Dei har i dag 60 båtplassar og 65 medlemmar. Hamneområdet til Sørbøvåg Båtlag grensar  til Hamneparken. Her finn du eit godt tilrettelagt område med volleyballbane, toalett, leikepark, butikk, baderampe for rullestolbrukarar og moglegheit for å fylle drivstoff. Det er ein idyllisk plass, spesielt om sommaren, med flotte bade- og turmoglegheiter langs fjord og fjell. 

 

Hamna har plass til å ta opp og ned båt med hengar. Dette er viktig for hyttefolk, men og for dei i kommunen som har båt, men ikkje båtplass og som ønskjer å nytte Åfjorden.

Per dags dato er det venteliste for å få båtplass. For å komme på ventelista må ein vere medlem av Sørbøvåg Båtlag. Om du ønskjer å leige plass kan du kontakte laget for å høyre om moglegheitene for det. 

 

Sørbøvåg Båtlag er tilknytt Kongelig Norsk Båtforbund. Dei har årsmøte og fleire styremøter i løpet av eit år. 

Dei skulle gjerne ha utvida hamna med større molo, då dei ser at det er eit behov for dette.. 

 

Om du ønskjer å bli medlem eller vil leige båtplass kan du sende dei ein mail. Du kan og gå inn på heimesida til Sørbøvåg Båtlag. Alle er velkommen til å verte medlem. 

E-post:  6958baatlag@gmail.com

sorbovagbatlag.net

bottom of page