hyllestad.info logo.png

Tanja & Jardar

Tanja Kvellestad Akse og Jardar Eiken Flage er begge frå Hyllestad og gjekk i same klasse frå 1.-7.klasse. Men det var først i vaksen alder at dei verkeleg vart kjende med kvarandre.

 

Jardar har stort sett budd i Hyllestad sidan han var liten. Han budde ein periode på Mo i Jølster i forbindelse med utdanning og litt på Voss der han jobba i ettertid. Det tok ikkje lang tid før han fekk seg jobb som maskinførar på Pukkverket i Hyllestad, då vende han nasa heimover og kjøpte seg hus i Leirvik som 20-åring.

 

Tanja, som og er oppvaksen i Hyllestad, budde nokre år på Sandane og tok 1 år på Hafstad etter det. Saman med vennegjengen var dei mykje i huset til Jardar og etterkvart utvikla forholdet til Jardar seg frå å vere venskapeleg til kjærleik. I 2018 flytta Tanja til Tromsø for å ta bachelor i spesialpedagogikk. Saknet etter familien vart for stort og ho nytta ein kvar anledning til å reise heim til Hyllestad. Hausten 2019 blei ho gravid og då ville ho flytte tilbake til Hyllestad.

 

Jardar hadde selt huset i Leirvik og dei bestemde seg difor for å leige ein leilegheit på Sørbøvåg. Her trivdest dei veldig godt, men etter at Conrad kom til verda innsåg dei at leiligheita var for liten og dei byrja å sjå seg om etter hus. Jardar som tidlegare hadde eigd eit hus, meinte det var betre å kjøpe enn å leige. Då det kom eit hus til sals i Myklebustfeltet på Hyllestad, visste dei begge kva dei ville og slo til og kjøpte det.

 

I mai 2020 var huset deira og dei flytta inn. Huset hadde perfekt beliggenheit i forhold til barnehage, skule, fritidsaktivitetar og biljarden - der dei begge trenar fast. Dei har funne seg godt til rette og tykkjer dei har eit hyggjeleg nabolag.

Jardar er no i pappapermisjon og Tanja har fått seg jobb som portvakt på Havyard medan ho fortset med studiane på nett. Ho håpar å bli ferdig med bacheloren til våren.

 

Dei er einige om at oppveksten dei sjølv har hatt i Hyllestad har vore fin, og dei vil at Conrad skal få same type oppvekst. Det er godt å vete at «alle kjenner alle», at borna kjenner kvarandre og at foreldra kjenner kvarandre.

Jardar er oppvaksen ved sjøen og interessa for sjø og fiske har han framleis. No på hausten er han dagleg ute for å fiske og dra krabbeteiner. For Jardar er det uaktuelt å bu ein plass der det ikkje er sjø. Båt og fiske er ei interesse han ønskjer å dele med sonen sin når han blir større.

Jardar har også vore veldig aktiv i biljard og som junior blei han Noregsmeistar heile sju gongar og kom på tredjeplass i EM. No er biljard meir ein hobby, men han trenar fast kvar veke. Etter at Tanja og Jardar vart eit par, vart ho og «dregen inn» i miljøet. Ho trenar fast kvar veke og sit i styret i biljardklubben. Ho seier det er meir krevjande enn kva folk trur. Mange tenkjer at biljard er noko ein spelar når ein er på pub, men det ligg mykje hardt arbeid og teknikk bak ein god biljardspelar.

 

Begge to er veldig fornøgde med Hyllestadhallen og den nye plassen til biljarden. Hallen har vore noko dei har sakna sidan dei sjølv var små, og det var eit etterlengta tilbod. No kan dei endeleg invitere andre klubbar til arrangement og turneringar i Hyllestad.

 

Sjølv om Hyllestad ligg i utkanten er det veldig sentralt. Dei seier at dei ikkje saknar noko i Hyllestad og at dei har alt dei treng. Det er heller ikkje lange vegen å køyre til Dale, Førde eller Bergen. Det er ein stille og roleg plass utan trafikkstøy eller kø til og frå jobb. Dei føler at som born og ungdom får ein meir frie tøylar på grunn av tryggheita og tilliten dei vaksne har til kvarandre og til bygda.

 

Tanja og Jardar er veldig glad i naturen i Hyllestad. Tur til dagsturhytta er ein flott aktivitet for heile familien, og er ein glad i natur er Hyllestad midt i blinken. Det er slike omgjevnadar dei vil at Conrad skal vakse opp i.

 

No er Conrad 11 månadar og på nyåret skal han byrje i barnehagen. Tanja og Jardar er veldig glad for støtta og hjelpa dei får frå familiane sine og tykkjer det er fint at Conrad får tilbringe mykje tid saman med dei. Vidare har dei planar om å pusse opp huset og gler seg til mange store samankomstar med familie og vener. Tanja seier at i hennar familie er alle alltid velkomne. Slik vil ho det skal vere i sitt og Jardar sitt hus og!

«I min familie har eg vore vand med at alle alltid er velkomne, slik skal det vere i mitt og Jardar sitt hus og!»

Hyllestad.info er utvikla av Hyllestad kommune | Send epost  | Ring 57 78 95 00

  • Facebook - Hvit Circle
  • Instagram - Hvit Circle

Følg, lik og del!  #hyllestadinfo