Hyllestad Tannklinikk er ein offentleg tannhelseteneste som er organisert inn under Vestland fylkeskommune. Det er fylkeskommunen som skal sørge for at tannhelsetenester, her under spesialisttenester, er tilgjengeleg for alle som bur eller oppheld seg i Sogn og Fjordane.
Klinikken i Hyllestad kom i 1986. Det var eit etterlengta tilbod og eit positivt løft for kommunen. Før den tid vart ein sendt puljevis med buss til Lavik. Det var utruleg tungvint og mange måtte reise langt for å komme seg til tannlegen. Skuleelevar måtte ta fri heile skuledagen for å følgje bussruta.
Klinikken har hatt same lokale på kommunehuset i Hyllestad heilt sidan dei flytta inn i 1986. Det einaste dei har endra på er fargar på veggane og utstyr etter krava som gjeld.
På klinikken finn du i dag klinikkleiar Renate, tannlege Martha, tannpleiar Merete og tannhelsesekretær Ingunn.
Ingunn er den som har vore lengst på klinikken. Allereie i 1989 jobba ho der i praksis medan ho tok utdanninga si. Då ho var ferdig, fekk ho seg jobb på Eiklund. Men det tok ikkje lang tid før overtannlegen ringde og spurde om ho var interessert i vikarstillinga som tannhelsesekretær. Det var ho, og sidan den gang har ho jobba på Hyllestad, Lavik og Askvoll Tannklinikk og fekk fast stilling i 1999. Klinikkleiar Renate har vore der sidan 2000. No er ho klinikkleiar for heile Askvoll området, det vil seie Hyllestad, Askvoll og Hardbakke.
Renate, Martha og Merete overlappar kvarandre og rullerer mellom desse klinikkane, medan Ingunn er fast på klinikken i Hyllestad kvar vekedag.
Før var det ein klinikk i kvar kommune: Trenden er no at det blir færre småklinikkar og fleire store sentrale klinikkar rundt om i landet. Renate har engasjert seg veldig i «kampen» om å bevare tannklinikken i Hyllestad. Saman med rådmannen og innbyggjarane i kommunen klarte dei å behalde Hyllestad Tannklinikk. For folk som bur i utkantane blir det ekstremt langt å reise om klinikken i Hyllestad hadde blitt lagt ned. Det er viktig å ta omsyn til kor langt pasientane må reise.
Dei som har rett til gratis behandling hos Hyllestad Tannklinikk er:
-
barn og ungdom 0-18 år
-
psykisk utviklingshemma
-
eldre langtidssjuke og uføre i institusjon og heimesjukepleie
-
ungdom som fyller 19 eller 20 år i behandlingsåret
-
andre grupper som fylkeskommunen har vedtatt å prioritere
Hyllestad Tannklinikk kan og yte tenester til vaksen betalande klientell etter fylkeskommunen sine vilkår og fastsette takstar.

Klinikkleiar Renate og tannpleiar Merete

Tannlegestudent Renate, tannlege Martha og tannhelsesekretær Ingunn
Kvar haust og vår har dei tannlegestudent i praksis i tre til fem veker frå Odontologen i Oslo og Beregen. Tannlegestudentane får prøvd seg som «ekte» tannlege og på klinikken treff dei pasientar i alle aldersgrupper, noko som gir dei ein enorm læringskurve. Og når Hyllestad.info var på besøk, fekk vi helse på sisteårsstudenten Renate Borge Tilrem.
Dei tilsette på klinikken seier det er viktig med god tannhelse. For å ete og ta i seg næring må ein ta vare på tennene sine. Mange menneske går rundt med tannkjøttbetennelse utan å vere klar over det. Ein kan finne bakteriar frå munnen overalt i kroppen, mellom anna i hjerteklaffane. Dess flinkare ein er til å halde reint, dess mindre er risikoen for å få bakteriane i munnen spreidd vidare i kroppen. Dei anbefaler difor å undersøke seg fast ein gang i året.
Dei jobbar aktivt for god tannhelse og er jamleg på besøk i barnehage for å fortelle kor viktig det er med dagleg tannpuss. Dei deler ut tannkrem og tannkost kvart år og har sørga for at barna i barnehagen pussar tennene sine kvar dag etter frukost.
Dei tilsette på klinikken trivast godt og har lyst til å fortsette slik dei har det no. Dei tykkjer det er bra at klinikken ligg i kommunehuset med kort avstand til barnehage, skule og dei andre helsetenestene i kommunen. Dei tykkjer og at det er ein stor fordel å ha samarbeid med klinikkane i Askvoll og på Hardbakke. Ein får eit større fellesskap, fleire utfordringar og ein lærer meir. Men for å kunne behalde klinikken i Hyllestad, er ein nøydd til å bruke dei. Vi er utruleg heldig som har eit slikt tilbod i Hyllestad.
Kontaktinfo:
Klinikkleiar Renate Friedrich
E-post: Renate.Friedrich@vlfk.no
For å bestille time: Ring 577 88 622