
Sjukepleiarar Tonje & Linda
Tonje Førde Systad og Linda Ølmheim jobbar ved Hyllestad omsorgssenter i Hyllestad kommune. Dei tykkjer begge at dei har ein kjempefin arbeidsplass, med eit godt arbeidsmiljø i ein hektisk kvardag. Dei opplever i stor grad å verte godt tekne vare på som kommunalt tilsette, og sidan kommunen ikkje er så stor, har dei påverkingskraft i planar og målsetjingar. Det er kort veg mellom kollegaer og leiing, og det er tett samarbeid mellom heimetenesta og dei som jobbar inne på omsorgssenteret. Dei føler at dei har ein leiar som lyttar til kva dei har og sei, og det er særs viktig. Tilbakemeldingar frå vikarar som har jobba ved omsorgssenteret er at det er ein triveleg plass å jobbe og at det er veldig lett å verte kjend med folk.
Tonje hadde eigentleg ikkje tenkt å jobbe innan helse, ho hadde planar om å verte journalist og gjekk fyrst på media og kommunikasjon på Sandane. Etter to år der flytta ho til Førde, for almennfagleg påbygging. Etter mykje god-ord frå ei hybelvenninne om sjukepleiarstudiet i Førde, bestemte ho seg for å prøve seg der. Der opplevde ho, som venninna hadde fortalt, eit godt læremiljø med opne dører til lærarane og kort veg til sjukehuset. Resten er, som det heiter, historie. No jobbar ho i sin andre periode ved omsorgssenteret etter eit 3 års arbeidsopphald i ein av nabokommunane. Det var kjekt og lærerikt å jobbe der, men då ho kom tilbake til omsorgssentert på Sørbøvåg var det som å komme «heim». Veldig kjekt.
Linda hadde heller ikkje tenkt å jobbe med helserelaterte ting, ho gjekk medielinje på folkehøgskule og hadde planar om å jobbe i radio. Men ho starta etter kvart å jobbe som hjelpepleiar, og jobba som det i om lag 20 år. Ho hadde heile tida planar om å vidareutdanne seg og starta på desentralisert utdanning som sjukepleiar. Ho var i full jobb på omsorgssenteret under utdanninga og Hyllestad kommune la til rette for at det skulle fungere på best mogeleg måte. Etter at ho var ferdig med utdanninga fekk ho tilbod om fast stilling som sjukepleiar ved omsorgssenteret.
For å jobbe som sjukepleiar må du like å jobbe med folk, vere god på å møte- og sjå dei. Du vert ein stor del av andre menneske sine liv og du må ha evne til å «snu deg rundt» fort, då ein opplever både glede og sorg på relativt kort tid.
Det er eit krevjande men gjevande yrke. Det er utruleg kjekt å høyre dei eldre fortelje historiar frå «gamle dagar», og dele sine erfaringar frå tider ein ikkje har opplevd sjølv. Du lærer å kjenne brukarane og når du strekk ut ei hand for å hjelpe, opplever du stor takksemd. Ikkje alle klarar å vise det like godt, men dei gjev utrykk for det på sin måte. Og du forstår det.
Både Tonje og Linda kan absolutt anbefale sjukepleiaryrket og Hyllestad omsorgssenter som arbeidsplass. Her er det godt og trygt arbeidsmiljø og aldri kjedeleg!
«Eit krevjande, men gjevande yrke»