top of page
tommy, janne, lisbeth.jpg
hyllestad.info logo.png

Tommy, Janne & Lisbeth

Tommy Wolff (f.1986) kjem frå Hyllestad og har budd mesteparten av livet sitt her. Janne Beate Sande (f. 1983) kjem opprinneleg frå Sande, men flytta til ytre Fjaler når ho byrja i 1.klasse på Våge skule. Ho har budd og studert både i Jølster, Ålesund og Bergen. Begge er einige om at dei trivast best på landlege og små plassar. I 2008 flytta Janne til Hyllestad, og her har ho vore sidan. 

 

Men det var fyrst i 2020 at Tommy og Janne vart kjende med kvarandre. Dei hadde sin fyrste «date» på Biljarden. Tommy har lenge vore ein aktiv i biljardspelar og har fem Noregsmeisterskap og Kongepokal.

Janne hadde aldri før spelt biljard, så det gjekk som det måtte gå, ho vart knust av Tommy. Kanskje ikkje det beste utgangspunktet for ein romantisk date, men det vart ei minnerik oppleving og resten er i dag historie.

 

No bur dei saman i eit hus dei leiger i Heggebøfeltet i Leirvik. Dottera til Janne, Lisbeth Marie Sande Nygård (f.2015), bur der og annan kvar veke. Og frå i januar i år utvida dei familien med to kattungar, Lilly og Bielsa.

 

Tommy jobbar som røktar for Firda Sjøfarmer og Janne som leiar for frukt og grønt avdelinga på Extra Dale. Dei har kjøpt seg tomt på Sørbøvåg og ventar på å flytte inn i eit heilt nytt hus til sommaren. Det gler dei seg til, alle saman.

 

Dei trivast godt i Hyllestad og tykkjer det er bra at det vert meir utvikling på mange ulike område. Det er tydeleg at ting skjer, at kommunen har eit mål og er flinke til å dra med seg lokalsamfunnet. Den nye gangvegen i Leirvik og Hyllestadhallen er to gode eksempel på dette. Hallen er noko dei må trekke fram som det beste som har skjedd her i bygda. Den gir eit tilbod til alle, uansett alder. Men Janne saknar eit innetilbod for små born om vinteren, til dømes eit leikerom. 

Lisbeth er med på barneidrett og elskar det. Til sommaren skal ho byrje på skulen, og då kan det hende ho vil bli med på endå fleire fritidsaktivitetar, som dans og musikk som ho er veldig glad i.

På fritida har Tommy tidlegare vore trenar for Hyllestad sitt A-lag i fotball. Men grunna korona har dette stoppa heilt opp. Han har heller ikkje spelt noko særleg biljard etter at korona kom. For å halde seg i aktivitet går han ein del turar, og likar spesielt å gå i Handalen. 

 

Janne brukar mykje av fritida si til pendling til og frå jobb. Når det er hennar veke å ha Lisbeth går sjølvsagt all tida til ho, men den veka ho er åleine brukar ho mellom anna kveldane til å male. Janne har bakgrunn frå kunst og handtverk og har alltid vore kreativ. No har ho funne ei lita nisje der ho malar motiv på store julekuler. Førebels er dette berre ein hobby, men ho har fått ein god del bestillingar på dette og innser at ho kanskje må opprette ei eiga nettside der ho får vist fram det ho lagar. 

 

Janne tykkjer det er flott at Lisbeth får vekse opp i Hyllestad. Ho kan ikkje førestille seg korleis det ville vore i ein storby. Det er trygt her og ho føler ungane knyter seg meir til kvarandre og får tettare band, fordi dei ikkje er så mange. 

 

Tommy veit korleis det er å vekse opp her, og minnast ein trygg og fri barndom der dei var ute stort sett heile tida.

«Eg kjem nok til å bu her resten av mitt liv», seier han.

Dei set stor pris på naturen som er rundt dei, og at dei slepp kavet og stresset som folk kan oppleve når dei bur i ein storby. No gler dei seg til sommaren, og til å få ting på stell i sitt nye hus på Sørbøvåg.

julekule.jpg
bottom of page