hyllestad.info logo.png

Bedrifta Trond M. Sognnes AS vart til ganske så tilfeldig. Trond Magne overtok garden etter foreldra sine i 1990. Før den tid hadde han jobba i eit entreprenørfirma, og fagbrev i anleggsmaskinfører vart tatt i 1995 i samband med A sertifikat i sprenging. På garden var det ein gravemaskin, og det var berre han som kunne bruke den. Dette fanga jungeltelegrafen opp og litt etter litt fekk han spørsmål om han kunne gjere gravejobb hos andre. Det førte til at han måtte starte eit enkeltmannsføretak. Og i 1991 blei Trond M. Sognnes stifta. Etterkvart som åra gjekk blei det meir og meir arbeid, og i 1999 tilsette han ein mann til. I 2006 gjekk firmaet frå enkeltmannsføretak til aksjeselskap.

I dag har firmaet fire tilsette. Dei utfører grunnarbeid som drenering, planering, graving, massetransport og sprenging. Firmaet kan stort sett gjere det meste av maskinentreprenørtenester. 

 

For Trond Magne er det viktig at det dei utfører er dei gode på. Han vil ikkje at dei skal bruke unødvendig tid på noko andre kan gjere betre og meir effektivt. Og blir jobben for stor, leiger dei inn meir arbeidskraft eller inngår i samarbeid. Dei tykkjer det er veldig gjevande med samarbeid. Trond Magne trekk fram Hyllestadhallen som eit utruleg kjekt arbeidsfellesskap der dei lærte mykje av kvarandre.

Firmaet tek for det meste på seg oppdrag i kommunen, men utfører oppdrag i Fjaler, Askvoll, Solund og Høyanger også. Som maskinentreprenør blir det mykje variasjon i arbeidet, noko Trond Magne trivast godt med. Det er og utruleg kjekt når dei får store og utfordrande jobbar. Men det aller viktigaste for Trond Magne er at kundane blir nøgde med jobben dei gjer.

Trond Magne er nøgd og stolt av dei tilsette i bedrifta. Dei er saman eit utruleg bra team som jobbar like godt i lag som for seg sjølv. Dei er sjølvgåande og flinke, og til saman har dei solid kompetanse gjennom fleire typar fagbrev og erfaring. Trond ser fordelar med å kombinere unge og nyutdanna med eldre og erfarne i jobben. No kjem det meir og meir utstyr med GPS og andre digitale tenester. Dei unge tek dei digitale endringane mykje kjappare og kan lære det vidare til dei eldre, medan dei unge kan dra nytte av dei eldre si lange erfaring innan faget. Det blir litt vinn-vinn for alle.

 

Etterkvart som bedrifta har voksa har det kome inn ein del utstyr og maskinar. Frå å vere ei bedrift med ein gravemaskin har dei no tre gravemaskinar. I tillegg har dei traktor, dumper, borerigg, hjullaster, pigghammar og utstyr som mellom anna kan sage asfalt.

 

Dei investerer jamt og trutt i utstyr, og for Trond Magne er det viktig at utstyret til ein kvar tid er nytt og moderne. Det er skjeldan utstyret dei har er eldre enn sju år. Dei tykkjer det er viktig å kunne tilpasse seg og å utføre oppdraga dei får på best mogleg måte. Det skal vere kvalitet i alle ledd. No håpar Trond Magne at dei kan halde nivået på bedrifta vidare slik det er i dag. Men han er samstundes open for større prosjekt og samarbeid med andre lokale firma.

trond sognnes logo.png

Kontakt:

Dagleg leiar Trond M. Sognnes

Tlf: 906 99 150

E-post: trond@sognnesas.no

 

  • Facebook