hyllestad.info logo.png
logo t.stene.png

T. Stene Transport AS

Åfjordvegen 1040, 6958 Sørbøvåg

Tlf: 97 59 52 60

E-post: tore@tstene.no

tore-stene.no

Tore Stene byrja å køyre langtransport som 19-åring. I 1990 flytta han heim att til Hyllestad og fekk seg jobb som lastebilsjåfør for det som den gang heitte Jo-Ry Bygg AS. Her jobba han heilt fram til dei vart seld til Gravdal Bygg AS i 2006. 

 

Tore fekk kjøpe ut lastebilen han hadde, og starta for seg sjølv i 2007. I byrjinga var det eit enkeltmannsføretak, men T. Stene Transport gjorde det bra, og i 2010 vart selskapet omgjord til eit AS med faste tilsette.

 

I 2009 kjøpte han ein tomt på Sørbøvåg for å bruke som parkeringsplass til bilane sine. Han bygde veg ned og planerte 1,5 mål. I 2013 etablerte Ryland Bygg seg der også. 

 

I dag har bedrifta tre lastebilar og fire tilsette. Tore er den fjerde tilsette, og sidan mars har han berre jobba administrativt i transportselskapet, medan dei tre andre køyrar bilane. Hovudbasa er fortsatt på Sørbøvåg, men av praktiske grunnar tek sjåførane bilane med seg heim etter endt arbeidsdag.

 

Transport for bygg og anlegg er hovudmarknaden. Dei har to semitrailerar som køyrer fast for Jatak på Kaupanger. Dei har også ein god del køyring mellom Vestland og Sverige, og då leiger dei inn arbeidskraft frå andre transportfirma. 

 

Spesial- og langtransport er ein krevjande type køyring som inneber mange arbeidstimar og mange dagar vekke frå familien. Det er ikkje eit yrke for kven som helst. 

Før var det ein godt betalt jobb, men det forandra seg drastisk på 2000-talet. Lønningane samsvarar ikkje lenger med arbeidsmengda, og i dag har den norske næringa meir enn nok med å halde næringa i live. Utanlandsk arbeidskraft tek meir og meir av marknaden og det er vanskeleg å konkurrere mot dei på pris. 

 

For Tore er dette største grunnen til at han ikkje torer å utvide bilparken meir enn slik den er i dag. Lastebilar kostar mange millionar, og han vil ikkje risikere at dei blir ståande til pynt.

 

Når T. Stene har køyretøyslengde over 20 meter blir det rekna som spesialtransport. Då må dei søkje løyve hos Statens Vegvesen som igjen bestemmer kven som skal følgje transporten. For T. Stene blir det ein god del spesialtransport, og dei køyrer ofte med politieskorte. 

Det er mykje som kan skje på slike turar og Tore må difor vere tilgjengeleg på telefon døgnet rundt. Det er berre når han veit at sjåførane er trygt heime at han sjølv kan slappe av. 

 

T. Stene Transport samarbeider ein del med andre aktørar. Tore seier at han er tilhengar av samarbeid, og at det er vegen til suksess. Å spenne bein på andre kjem ein ikkje i mål med. 

 

Samarbeid og utvikling er noko Tore kjem til å fortsette med. Han kjem ikkje til å utvide bilparken, men næringsområdet er i stadig utvikling, og no jobbar han med å ferdigstille ein hall som skal ta inn fritidsbåtar. Framtida er full av moglegheiter.