Bestefaren til Bjørge Avedal Ulvik tok over garden i 1942 frå sin far. Då var det ei lita løe og eit hus. Etter kvart vart bestefaren sjuk og faren til Bjørge tok over garden i 1976.
Tidleg på 80-talet bygde foreldra til Bjørge ein ny og større fjøs der dei hadde mjølkekyr og oksar. Men i 2008 selde dei alle mjølkekyrne og bygde om fjøsen til oksefjøs. Då hadde dei opptil 300 oksar som dei fôra opp og selde til slakteriet. Men i 2014 kjende dei at dei ville gje seg.
Bjørge budde på den tida i Førde saman med kjærasten sin, Camilla Avedal Ulvik. Han var gravemaskinsjåfør og ho jobba som helsesekretær. Dei hadde nyleg fått ei dotter og kjende på at dei ville flytte heim. Begge er oppvaksen på gard, og dei hadde lyst at dottera skulle få same trygge oppvekst.
Då foreldra til Bjørge sa dei ville gje seg, bestemte Bjørge og Camilla seg for å ta over garden. Dei sa opp jobbane sine, selde eineboligen og flytta heim. Det var 1. juli 2015. Nokre månader etter gifta dei seg. No var dei klar for bondelivet saman.
Etter at dei tok over garden og stordrifta, gjekk det slag i slag. Plutseleg skulle dei ta alle avgjerslene, og det var mange ting dei ikkje hadde tenkt på. Heldigvis fekk dei mykje hjelp av foreldra til Bjørge, men dei måtte og finne ut ting på eigen hand. Dei fann ut at det ville vere lurt å utdanne seg til agronomar for å stå betre rusta til gardsdrifta, og dette gjennomførte dei saman på Mo jordbruksskule.
Det var ein bratt læringskurve, men no fem år seinare har dei innarbeidd eit godt system, og er einige om at det er fantastisk kjekt å vere sjefar på eigen gard. Dei er veldig glad dei tok avgjersla om å flytte heim, men veit samstundes kor hardt det ville vore utan å ha foreldra til Bjørge å støtte seg på. Dei hadde på denne tida fått to barn til og forlenga fjøsen slik at dei kunne ha 300 oksar under same tak.
Det tek mykje tid og hardt arbeid for å fôre opp oksane, og syte for at dei har det bra. Oksane bur på garden i omlag eitt år, til dei er 15-16 månader. Då veg dei rundt 300 kilo i slaktevekt. Ulvik Gard sel omlag 90 000 kilo kjøt i året og er ein av dei største gardane på Vestlandet når det gjeld denne type kjøttproduksjon.
Bjørge har 11 garder han slår graset på. Heilt frå garden på Sørbøvåg og ut til både Skifjorden og opp til Hellevik. Det krev mykje drenering for å få til god jord, og på Vestlandet jobbar ofte vær og vind mot dei.

På garden har dei investert i mykje utstyr. No har dei lastebil, tre traktorar, rundballpresse, rive, såmaskin og slåmaskin og mykje anna. Det er viktig å ha gode landbruksmaskiner og verktøy. Og Bjørge – som er utdanna maskinførar – smilar litt ekstra når han fortel om investeringane på garden og kor kjekt det er å køyre dei.
Camilla tek seg av kontorarbeid med fakturering og dokumentsjon som skal sendast til rekneskapsførar. Elles tek ho seg av dyra, og sjekkar fleire gangar for dagen at alt står bra til. Ho brukar og veldig mange timar på HMS, eller KSL (Kvalitetssystem i landbruket) som det heiter når ein driv gard.
På garden har dei og tilsett ein mann i 50 prosent stilling. Det gjer det mogleg for ekteparet å ta seg fri nokre helger, og ta ferie med barna når dei har lyst til det. I tillegg får dei mykje hjelp frå familie.
Bjørge og Camilla trivast med bondelivet og har tru på framtida. Men likevel er dei alltid spent på kva nye krav regjeringa set, og kva konsekvensar det kan få. Dei håpar at landbruket held seg, og dei ønskjer å drive garden så lenge dei har moglegheit.
Ulvik Gard
Åfjordvegen 841
Tlf: 984 02 848